Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:447 (2018-2019)
Innlevert: 23.11.2018
Sendt: 26.11.2018
Besvart: 04.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Ved utbedringen av E6 Helgeland nord, strekningen Krokstrand-Bolna, er det inngangsporter til flotte turområder. Det er viktig å unngå farlige trafikksituasjoner for veifarende, og tilrettelegge for at folk skal komme seg ut i naturen.
Hva vil statsråden gjøre for å sikre at det blir etablert gode parkeringsplasser, tilpasset kommunens kunnskap om utfartsområdene?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg har vore i kontakt med Statens vegvesen om saka. I følgje Statens vegvesen er det i dag eit parkeringsareal for om lag 10 personbilar på strekninga Krokstrand – Bolna, lokalisert på Bolna. I gjeldande reguleringsplan for strekninga er det lagt opp til å etablere fire offentlege parkeringsplassar for personbilar i områda Krokstrand, Randalen, Bolnastua og Bolna stasjon. Dette vil innebere til saman 60 nye parkeringsplassar. I tillegg er det lagt opp til to parkeringsplassar pr. hytte på strekninga. Parkeringssituasjonen på strekningen vil med dette bli vesentleg betre enn i dag.
Det pågår no ein prosess med mindre omreguleringar på strekninga. I den samanhengen vil Statens vegvesen vurdere om det er mogeleg å etablere inntil 10 ekstra parkeringsplassar utan at kostnadene aukar ut over vedtatt styringsramme for prosjektet, jf. Prop. 102 (2017-2018) og Innst. 49 S (2018-2019).
Det er også føresett etablering av eit parkeringsareal på Storvoll, sør for Krokstrand, knytt til nasjonalparken. Her er det planlagt 20 parkeringsplassar for personbil og snuplass for buss.
I tråd med dette legg eg derfor til grunn at Statens vegvesen i samråd med lokale styresmakter arbeider vidare med å leggje til rette for å sikre gode forhold for parkering på strekninga, innafor fastsette økonomiske rammer for prosjektet.