Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:463 (2018-2019)
Innlevert: 27.11.2018
Sendt: 27.11.2018
Besvart: 04.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Vil statsråden oppfordre de berørte kommuner til å vedta bompengefinansiering av ny forbindelse over Glomma ved Fetsund (Rv. 22) for å realisere prosjektet, og hva vil statsråden eventuelt gjøre for å sikre fremdriften i prosjektet?

Begrunnelse

I Romerikes Blad 26. november kunne vi lese om statsrådens besøk i Fet kommune der han var blitt orientert om ny Glomma-krysning (Rv. 22). Tidligere har hans kollega Bård Hoksrud lovet at slik kryssing skulle stå ferdig innen 2022, noe som er tilbakevis i inneværende NTP. Hoksrud hevdet også at det skulle skje uten bruk av bompengefinansiering.
Gjennom NTP er det bevilget 2550 millioner kroner til ny kryssing over Glomma ved Fetsund. Fagetatens forslag til kostnadsramme er på 2876 millioner kroner. Ifølge Romerikes Blad svarte statsråden på spørsmål om tilleggsbevilgning at dette måtte realiseres ved nedskalering av prosjektet (noe fagetaten advarer mot), rullering av NTP (noe som vil forskyve prosjektet langt ut i tid) eller lokalt forankre en bompengefinansiering.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Riksveg 22 Bru over Glomma er prioritert i Nasjonal transportplan 2018-2029 (NTP) og er føresett finansiert med en kombinasjon av statlege midlar og bompengar. Eg er kjend med at det i samband med høyringa av kommunedelplanen for prosjektet, etter at NTP blei lagt fram, kom inn eit alternativ som inneber byggjing av ny lokalvegbru samtidig med – og inntil – ny bru på riksveg 22. Bakgrunnen for det nye alternativet er at vestre halvdel av Glomma er freda og at ei ytterlegare bru som berører dei verneverdige områda i elva ikkje vil være akseptabelt.
Ny riksveg 22 Bru over Glomma har eit kostnadsoverslag på om lag 2 500 mill. 2017-kr. I NTP er det avsett 1 200 mill. kr i statlege midlar. I NTP er prosjektet planlagt med oppstart i første seksårsperiode og ferdigstilling i siste del av perioden. Tilleggskostnaden for å byggje ny lokalvegbru samtidig med riksveg 22 skal førebels vere anslått til om lag 330 mill. kr. Ny lokalvegbru vil bli klassifisert som fylkesveg og er dermed i utgangspunktet eit fylkeskommunalt ansvar. Ved samstundes utbygging kan det bli aktuelt å legge gang- og sykkelvegsambandet over elva på lokalvegbrua. Eg er ikkje kjent med at det lokalt er sett av midlar til slik ny lokalvegbru.
Når det gjeld bompengefinansiering har eg gjort det klart at det ikkje er aktuelt for meg å ta initiativ til å auke bompengebelastninga. Det er difor fullt og heilt opp til lokale myndigheiter om dei vil ta eit slikt initiativ. Eit alternativ er anna lokal eller fylkeskommunal finansiering.
Eg legg difor til grunn det finansieringsopplegget som ligg i stortingshandsama NTP. Dersom det vert teke lokale initiativ for anna finansiering av lokalvegbrua som ikkje er prioritert i NTP vil eg ta stilling til det.