Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere om det i alle helseføretak er sikra gode prosessar rundt etisk krevjande avgjerder, som til dømes avgjerder om å avslutte respiratorbehandling på tross av at pasient og pårørende sitt ønske, og kvifor blir ikkje klinisk etisk komite regelmessig kopla inn i slike tilfeller for å gi råd, og vil statsråden vurdere nye tiltak på systemnivå for å trygge avgjerder og prosessar rundt etiske problemstillingar?
Begrunnelse
Viser til oppslag i NRK 29.11.18 der ein familie til ein ALS-sjuk pasient i Ålesund hevdar legane gav beskjed om at respiratoren til faren deira blir skrudd av, trass i at faren ønskjer å leve. Fagdirektør Torstein Hole ved Ålesund sjukehus seier til NRK at han beklagar situasjonen som har oppstått og seier at saka no blir behandla ved Klinisk etisk komite. Han uttalar at det er heilt klart at kommunikasjonen ikkje har vore god nok med dei pårørande og pasienten. Avgjerda er no utsett. Spørsmålsstillar er kjent med at Helsedirektoratet i 2012 utarbeida ein Nasjonal veileder for langtid mekanisk ventilasjon (LTMV). Spørsmålet er om denne veilaren blir arbeida med og implementert i tenestene, og om den er dekkande nok for alle tilfelle. Saka frå Ålesund tyder på at det er svikt på systemnivå rundt korleis slike avgjerder bør fattast. At sjukehuset har innrømma dårleg kommunikasjon, bør føre til at både dette og andre helseføretak kan lære av saka, og det fører til forbetringar.