Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden ta ansvar og syte for ein forsvarleg pasientreisepraksis i alle helseføretak, slik at økonomiske prioriteringar og krav til absolutt billegaste reisemåte ikkje kan ha som konsekvens at pasientar får ei svært stor ekstrabelastning, og meiner statsråden at saka som er gjort kjent gjennom NRK 30.11.18, der ein familie måtte reise i tolv timar med to overnattingar, der ein køyretur tek fire timar, kan forsvarast?
Begrunnelse
Viser til NRK 30.11.18 der ein familie måtte ta fly og buss i ni timer og overnatting to netter for eit dags besøk i helsetenesta. Ein kjøretur på denne strekninga ville tatt berre fire timar. Pasientreiser innrømmer at dette rammar ganske mange pasientar. I følgje Finnmarksykehuset skal det billigaste rutealternativet veljast, og flyreise med Widerøe er definert som rutegåande transport. Tilrettelagt transport, altså drosje, har du krav på om ein har eit medisinsk behov eller dersom det er fråvær av rutegåande transport.
Spørsmålsstillar viser til at Stortinget har vedteke å be regjeringa foreta ein brei gjennomgang av regelverkt for pasientreiser og femme eiga sak for Stortinget med tiltak for å forenkle og forbetre ordninga ( Innst.196 S ( 2017-2018). I same sak ble det vedteke å be regjeringa evaluere pasientreiseforskrifta i løpet av august 2019 og å be helseføretaka gjennomgå sin organisering parallelt.
Spørsmålstillar meiner at eksempelet frå Finnmark i og for seg ikkje har noko med pasientreiseforskrifta å gjere, men med helseføretaka sin svært ukloke praksis å gjere. Dette kan helseministeren straks ta initiativ til å endre, dersom det er politisk vilje til stades.