Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:519 (2018-2019) Innlevert: 05.12.2018 Sendt: 05.12.2018 Besvart: 10.12.2018 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie
Hadia Tajik (A): Vil statsråden ta initiativ til å gjennomgå bruk og omfang av såkalla faktaundersøkingar i arbeidslivet?
Viser til NRK.no si sak 01.12.18 om bruk av faktaundersøkingar i arbeidslivet.
Anniken Hauglie: Det finst ei mengd ulike metodar og verktøy for å jobba med arbeidsmiljø, og ei av desse er såkalla faktaundersøkingar. Metoden vart utvikla i samband med prosjektet "Jobbing utan mobbing". Arbeidet vart leia av Arbeidstilsynet og var eit samarbeid med fleire aktørar, mellom anna partane i arbeidslivet. I utviklinga av metoden deltok fagekspertar frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Manchester og Universitetet i Bergen, mellom anna professor Ståle Einarsen, som er intervjua i NRK-saka stortingsrepresentanten viser til i grunngjevinga si. Målsetjinga med ei faktaundersøking er å medverke til at dei involverte får rask og rettferdig behandling, å forebyggje og løyse saker i den aktuelle verksemda, å unngå negative arbeidsmiljøkonsekvensar ved bruk av konsulentar eller granskarar med uklare mandat, og å medverke til læring om handtering av konfliktar og mobbing.Arbeidstilsynet publiserte i 2012 ein rapport der faktaundersøking vart evaluert som metode for å vurdere om den kunne tilrådast av Arbeidstilsynet. Konklusjonen etter denne evalueringa er at Arbeidstilsynet ikkje tilrår faktaundersøking som metode framfor andre metodar, men at dei anerkjenner at prinsippa som ligg til grunn for metoden er viktige prinsipp i handtering av vanskelege saker. Dette er prinsipp som kontradiksjon, personvern, konfidensialitet og skriftleg framstilling. Arbeidstilsynet opplyser at faktaundersøking er ein krevjande metode som ikkje eignar seg i alle saker og alle verksemder. Det som er viktig er at verksemdene tek i bruk dei metodane og verktøya som er tilpassa arbeidsmiljøutfordringane dei står overfor og som er tilpassa eigenskaper ved verksemda og bransjen. Men eg vil understreka at det er arbeidsgjevar sitt ansvar å velje metode. Og det er grunnleggjande at alle metodar som vert nytta til dette føremålet tek vare på kravet i arbeidsmiljølova om at arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg. Ei undersøking må altså gjerast på ein måte som ikkje i seg sjølv er i strid med arbeidsmiljølova. Eg registrerer at Arbeidstilsynet meiner at det ikkje er grunnlag for å seie at faktaundersøking som metode er i strid med lova, og at dei heller ikkje har grunnlag for å meine om metoden vert misbrukt eller ikkje. Eg merkjer meg og at Arbeidstilsynet seier at dersom det skulle vise seg at faktaundersøking vert misbrukt i norsk arbeidsliv, vil dei vurdere å bruke meir ressursar på tematikken.