Skriftlig spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:527 (2018-2019)
Innlevert: 05.12.2018
Sendt: 06.12.2018
Besvart: 13.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): Hva vil statsråden gjøre for å forhindre at et utfall som skjedde med nettet i Øst-Finnmark 30.11.2018 skjer igjen?

Begrunnelse

Fredag 30.11.2018 falt fast telefon, mobilnett, nødnett, nødradio til sjøs og bredbåndsdekninga i Øst- Finnmark fullstendig ut i over 5 timer.
En båt i havsnød måtte reddes av et russisk skip, da nødradioen ikke virket. Et slikt utfall betyr at nødetater ikke kan nås og at dersom det oppstår akutte situasjoner så kan det gå galt. Det er ikke første gang vi opplever slike utfall av all kommunikasjon i Øst-Finnmark, og det betyr at beredskapen er fullstendig fraværende når slike forhold skjer.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: 30. november var det eit større utfall av Telenor sine fast- og mobilnett i fleire kommunar i Finnmark. Utfallet varte i fem timar, og samfunnskritiske tenester var òg nede. Det er alvorleg, og hendinga viste kor sårbare vi kan bli i ein slik situasjon.
Telenor har informert om at feilen oppstod i samband med planlagt arbeid med å styrke infrastrukturen i Finnmark. Det blei i samband med dette arbeidet utført ei feilkopling som medførte brot frå Vadsø mot Vardø. På grunn av eit sjøkabelbrot lenger vest i transportnettet, blei konsekvensen dobbeltbrot og utfall av både mobil- og fastnettenester. Vidare seier Telenor at det planlagde arbeidet ikkje var meldt inn i samsvar med prosedyrane, og derfor ikkje blei inkludert i risikovurderingane som blei gjort med omsyn til brotet på sjøfiberkabelen og sårbarheita som var kjent på dette tidspunktet. I tillegg førte rutinesvikten knytta til manglande varsling av oppgraderingsarbeidet til at retting tok mykje lenger tid enn nødvendig, fordi slikt varsla planlagt arbeid er det første som blir kontrollert ved utfall. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og Telenor arbeider no med å vurdere nødvendige tiltak.
Uavhengig av kva vurderinga vil vise, er det viktig for folk å ha tryggleik for at staten tek sitt ansvar på alvor.
Det er ekomtilbydarane, både Telenor og dei andre netteigarane, som er ansvarlege for å levere tenester med forsvarleg tryggleik. Ekomnetta er berar av stadig større samfunnsverdiar, og då er det viktig å ha stadig høgare fokus på sikkerheit, beredskap og utvikling av robuste nett. Regjeringa har auka løyvingane til telesikkerheit og beredskap kraftig dei siste åra, frå 59 millionar kroner i 2014 til 183 millionar kroner i 2018.
Mellom anna har midlar gått til programmet "Forsterket ekom". I programmet samarbeider Nkom, ekomtilbydarane, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og lokale og regionale styresmakter. Det blir identifisert eitt område i kommunane som er særleg viktig for lokal krisehandtering. Mobilnettet blir forsterka slik at det skal fungere i dette området i minst tre døgn ved straumbrot, og det blir gitt støtte til alternativ kopling vidare inn i nettet. Målet er å etablere eit slikt område i alle kommunane i landet. Dei som er mest utsette og sårbare for ekstremvêr blir prioriterte først. Neste år vil vi ha løyvd midlar til etablering av forsterka ekom i over 40 kommunar.
I Finnmark har tre kommunar fått forsterka ekom; Hammerfest, Hasvik og Loppa. Det blei tidlegare i haust bestemt å gi ytterlegare tre kommunar i fylket det same tilskotet innan fyste halvdel av 2020. Desse tre kommunane er dei same som opplevde utfallet førre helg; Lebesby, Gamvik og Berlevåg. Staten bidrar med 17,9 millionar kroner for å gi desse tre kommunane forsterka ekom.
Dei statlege midlane bidrar også til å styrke transportårene for elektronisk kommunikasjon. I 2018 og 2019 går totalt 80 millionar kroner til ein pilot for alternativt kjernenett, som vil styrke viktige transportstrekk over større eller mindre avstandar innanlands i Norge. Eg merker meg at Broadnet sitt nett var oppe då Telenor sitt nett fall ut i Øst-Finnmark. Eg meiner vi bør ta lærdom av ei slik hending og at vi bør vurdere om kritiske samfunnsfunksjonar kan auke oppetida i sine tenester ved å knytte seg til fleire tilbydarar.
Regjeringa har gjennomført ei kraftig styrking av Nkom på sikkerheitsområdet, og vi vurderer kontinuerleg om det er nødvendig å krevje fleire tiltak frå nett- og tenestetilbydarane og om det er nødvendig med ytterlegare statlege tiltak.
Tilgang til elektronisk kommunikasjon er avgjerande for at folk skal vere trygge. Folk skal vite at denne regjeringa prioriterer arbeidet med å sikre robuste elektroniske kommunikasjonsnett svært høgt.