Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:543 (2018-2019)
Innlevert: 07.12.2018
Sendt: 07.12.2018
Besvart: 14.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): Viser til svar på spørsmål om nye togsett til Trønder og Meråkerbanen, hvor statsråden sier at en planlegger for levering av to togsett i 2021. Dette er de første bimodale togene i Norge, og til Trøndelag vil det være behov for minimum 16 slike togsett. Jeg regner med at kjøpet er lyst ut som anbud, og at kost/nytte mellom de ulike teknologiske løsningene er vurdert før bestilling.
Hva koster et biomodalt togsett og hva koster et elektrisk togsett?

Begrunnelse

Svaret fra samferdselsministeren på spørsmål om tidspunkt for nye togsett til Trøndelag var:

«Leveringstidspunkt for nye togsett til Trønderbanen følgjer av avtala mellom Norske tog AS og Stadler. Det er derfor ikkje slik at SD har utsett kjøp av nye togsett. Nye tog er i bestilling, og dei to første bimodale toga til Trønderbanen blir levert i 2021. Vidare er det, som omtala i Prop. 85 S (2017-2018) lagt opp til å kjøpe ytterlegare 25 nye tog. Dei nye toga vil mellom anna erstatte eldre dieseltog på Trønderbanen, Rørosbanen og Meråkerbanen, samt eldre elektriske tog som brukast på avgangar i rushtid på Østfoldbanen og Vestfoldbanen. Planen for innfasing av dei toga som er bestilt, men ikkje er levert, er omtala i Prop. 1 S (2018-2019).
Samferdselsdepartementet har registrert at det på side 179 i Prop. 1 S (2018-2019) ved ein inkurie er feilaktig opplyst om at ein på Trønder- og Meråkerbanen planlegg for levering av første togsett i august 2020, med levering av eit togsett kvar fjerde veke deretter.
Det korrekte er altså at ein planlegg for levering av to togsett til Trønder- og Meråkerbanen i 2021. Samferdselsdepartementet har sendt Stortinget ei retting til Prop. 1 S (2018-2019) om dette.»

Nå skal Trønder- og Meråkerbanen på ny vurderes med ulike alternativ til løsning, hvor vi skal bruke nye 10 millioner til utredningsarbeid.
I kostnadsestimatet bør en også sammenligne kostnader på togsettene, samtidig som målet med nullutslippsteknologi bør stå fast.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Den eksakte prisen på togsetta vil vere gjenstand for forhandlingar mellom Norske tog AS og leverandørane. Av omsyn til at dei fremforhandla prisene kan påverke leverandørane si konkurransesituasjon, og dermed kan bli betrakta som konkurransesensitiv informasjon omfatta av teieplikt, kan eg ikkje opplyse om dei eksakte prisene på togsetta. Norske tog opplys imidlertid om at i kontrakten som nyleg vart inngått, låg innkjøpsprisen for eit bimodalt togsett om lag 44 pst. høgare, enn prisen for eit elektrisk togsett. Dei bimodale togsetta er betydeleg meir kompliserte kjøretøy, med meir utstyr og fleire system, enn dei elektriske togsetta. Dei elektriske toga Norske Tog kjøper inn, er dessutan produsert i eit betydelig høgarere antall enn dei bimodale toga. Alt dette gir en høgare kostnad per togsett som kjøpes inn.