Skriftlig spørsmål fra Øystein Langholm Hansen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:589 (2018-2019)
Innlevert: 13.12.2018
Sendt: 14.12.2018
Besvart: 20.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Øystein Langholm Hansen (A)

Spørsmål

Øystein Langholm Hansen (A): Hvor mange vil rammes av endring i leveransen av post i Troms og Finnmark, og har Samferdselsdepartementet planer å slutte med postlevering til enda flere distriktssamfunn?

Begrunnelse

Folk som bor på spildra, i Seglvik, i Reinfjord og i Mjølfjord har nylig mottatt et brev fra Postens distriktssjef om at Posten vil helt slutte med å frakte post til disse bygdene to ganger i uken.. Begrunnelsen er "å sikre en kostnadseffektiv utlevering av post." Nytt leveringspunkt blir fra og med 1.april i post i butikk i Burfjord.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Brevvolumet er redusert med over 60 prosent sidan 1999, og det er forventa ein reduksjon på nesten 60 prosent også mellom 2018 og 2025. Fallet i brevvolumet har eskalert dei siste 2-3 åra til over 10 prosent årleg. Folk, verksemder og offentleg sektor vel å kommunisere raskare og meir effektivt digitalt, noko som gir mange gevinstar for det norske samfunnet. Men det gir også store utfordringar for leveringspliktig tilbydar, fordi det inneber raskt og sterkt fallande inntekter. I lys av dette må regelverket legge til rette for kostnadseffektiv omdeling, samstundes som det må sikre grunnleggande rettar for postmottakarane.
Med heimel i postloven § 19 kan det etter postforskriften § 12 gjerast unntak frå reglane om plassering av postkassar for inntil 11 000 husstandar og næringsverksemder på landsbasis når særleg spreidd busetnad eller næringsverksemd gjer utlevering urimeleg kostnadskrevjande. Eg viser i den samanheng til omtalar i Prop. 131 S (2016-2017) Nokre saker om administrasjon, veg, jernbane og post og telekommunikasjonar, jf. Innst. 472 S (2016-2017) og Prop. 109 L (2014-2015) Lov om posttjenester, jf. Innst. 314 L (2014-2015).
Departementet har kontakta Posten Norge AS og selskapet opplyser at det er gjort endringar i servicenivået i form av unntak frå avstandskrava for 115 husstandar og verksemder på landsbasis i løpet av 2018, og av desse ligg 32 husstandar i Troms og Finnmark. Alle husstandane vil framleis kunne få levert post fem dagar i veka til den staden der postkassen eller postboksen står etter endringa i servicenivå. I alle sakene legg selskapet opp til god informasjon og dialog for å undersøke om det finst alternative løysingar som er betre for postmottakarane og som samstundes kan gi tilsvarande kostnadsreduksjonar. Eg er glad for at selskapet legg opp til god informasjon og er opne for innspel frå postmottakarane.
Innanfor det til ei kvar tid gjeldande regelverk står selskapet fritt til å organisere si drift. Det er nødvendig for å kunne møte dei store utfordringane digitaliseringa gir for postverksemda på ein måte som legg til rette for eit godt posttilbod også i framtida.