Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:601 (2018-2019)
Innlevert: 14.12.2018
Sendt: 17.12.2018
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 04.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Hva vil statsråden foreta seg for å sikre at de el-bilene som selges i Norge er produsert på en bærekraftig måte, i tråd med menneskerettighetene og som ikke bygger opp under konflikter?

Begrunnelse

Fredsprisvinner Daniel Mukwege rettet under sitt besøk i Norge flengende kritikk mot batteri-industrien som trenger litium og kobolt i produksjonen. Ressurser som først og fremst finnes i verdens fattigste land.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Norge har ikkje høve til å stille særnorske krav til produksjon av køyretøy i andre land. Eit køyretøy som er godkjent for bruk i til dømes Tyskland, kan og nyttast i Norge. Mange forbrukarar er opptekne av korleis varene blir framstilte. Bilprodusentar som tek slike omsyn i sin produksjon vil få ein fordel i høve til desse.
Det er positivt at fredsprisvinnar Daniel Mukwege sett fokus på arbeidstilhøva i gruvene i Kongo. Regjeringa meiner at Norge må halde fram å arbeide internasjonalt for å sikre berekraftige verdikjeder.
Regjeringa er opptatt av å fremme ansvarleg næringsliv, både i Norge og internasjonalt. Eit sentralt element i OECDs retningsliner er forventningar om at selskapa som opererer internasjonalt gjør aktsomhetsvurderingar for å unngå skade på menneske, samfunn og miljø. Norske styresmakter forventar at norske selskap med internasjonal aktivitet kjenner til og etterlever globale retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Et selskap som ikkje er sitt samfunnsansvar bevisst kan gjennom sitt virke i verste fall bidra til brot på menneskerettar, korrupsjon, miljøødeleggelser eller at lokalsamfunn påvirkes negativt.
Det er viktig å ha respekt for grunnleggjande menneskerettar når det offentlege gjer innkjøp. Derfor har regjeringa innført ei ny føresegn i lov om offentlege innkjøp. Føresegna pålegg alle offentlege oppdragsgivarar ei plikt til å ha eigna rutinar for å fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar i offentlege innkjøp. Lova gjeld for ei lang rekkje innkjøp, også ved kjøp av el-bilar frå den private marknaden.