Skriftlig spørsmål fra Øystein Langholm Hansen (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:618 (2018-2019)
Innlevert: 17.12.2018
Sendt: 18.12.2018
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 08.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Øystein Langholm Hansen (A)

Spørsmål

Øystein Langholm Hansen (A): Hvordan er Posten AS sin fortjeneste på postpakker, spesielt for de såkalte "Kinapakkene"?

Begrunnelse

Posten AS har sterkt nedadgående mengde brev til omdeling, og det fører til at det er sterkt kostnadsdrivende for Posten å drive ombæring. Stortinget venter på en lovendring på dette området, som har vært lovet i lang tid, men som lar vente på seg.
I forbindelse med forberedelser til behandling av en slik lovendring har undertegnede besøkt, og fått besøk av, personer og organisasjoner som har interesser i saken. I den forbindelse får vi argumentasjon som hevder at den sterke økningen i pakkepost, spesielt fra Kina, bør føre til økte inntekter som kompenserer for nedgangen i brevpost. Dette får vi ulike svar på, også fra Postens ledelse. Det hevdes både at det er meget interessant for Posten AS å beholde pakkestrømmen fra Asia, og det motsatte, nemlig at det ikke gir fortjeneste for Posten at pakkestrømmen fortsetter. Derfor er det viktig for oss å få klarhet i om pakkeposten går med overskudd eller underskudd. Dette gjelder spesielt med tanke på den store mengden pakker fra Asia.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: FN sin postorganisasjon UPU (Universal Postal Union) har reglar og prisar for postsendingar som nesten alle land i verda har slutta seg til. Det er ulike regelsett for pakkar og brev.
Pakkar er sendingar opp til 20 kg der det ofte blir gitt kvittering, signering ved utlevering, forsikring og ofte sporing. Regelverket for pakkar gir bærekraftige prisar for pakkar inn i Norge. Posten har ikkje noko tap for dei sendingane som blir sende på denne måten. Dei fleste e-handelssendingane frå utlandet med verdi over 350 kr blir sende som pakkar.
Sendingar med låg verdi, det vil seie sendingar under 350 kr, blir normalt sende som vanlege brev eller rekommanderte brev. Brev kan ha ei vekt på inntil 2 kg.
I 2012 vedtok UPU endring i klassifiseringa av land med verknad frå 2016. Ei rekke land som tidlegare var klassifisert som u-land, mellom anna Kina, blei omklassifisert til i-land. I 2016 blei det også vedtatt å auke prisane mellom 2018 og 2021 slik at alle i-land vil ha dei same prisane for brevsendingar i 2021.
Posten sine berekningar har vist økonomisk tap for rekommanderte brevsendingar frå utlandet. Dette skuldast låge UPU-prisar i tilfelle der det ikkje er inngått bi- eller multilaterale avtalar om annan pris, og høge kostnadar knytt til handtering av slike sendingar i Norge. Posten har jobba aktivt med å betre lønnsemda, og har opplyst at det i 2017 blei funne ei løysing for rekommanderte sendingar frå Kina som har betra situasjonen vesentleg. Selskapet har ikkje kravd statleg kjøp knytt til formidling av rekommanderte sendingar frå utlandet i 2019.
Posten understreka hausten 2018 overfor departementet at vanlege brevsendingar som blir nytta til e-handelsimport av varer med låg verdi, samla sett gir eit positivt dekningsbidrag til å dekke felleskostnadane i postnettet i Norge, men at dei ikkje dekker sin forholdsmessige del av felleskostnadane. Desse sendingane går altså ikkje med overskot, men dei er med på å dra lasset fordi dei bidreg positivt til Posten sine felleskostnader.
Lovendringa som blei høyrt våren 2018 gjeld Postens bodnett, det vil seie postkasselevert volum. Representanten viser i spørsmålet til argument om at den sterke auken i pakkepost, spesielt frå Kina, bør føre til auka inntekter som kompenserer for nedgangen i brevmengda. Posten anslår at det i 2018 kom om lag 23 millionar netthandelssendingar frå utlandet til Norge som blei distribuert i Postens bodnett. Dette er ein nedgang på rundt 20 prosent samanlikna med 2017. Totaltalet på sendingar som blir utlevert i postkassen var på om lag 600 millionar i 2018. Volumet av sendingar frå utlandet som blir levert i postkassen vil altså ikkje kunne kompensere for det generelle fallet i postkasselevert volum. Vidare anslår Posten at volumet av lågverdisendingar vil bli redusert betydeleg som følgje av fjerning av avgiftsfritaket på varer til ein verdi av under 350 kroner frå 2020.
Det er derfor på noverande tidspunkt ikkje grunn til å forvente at straumen frå utlandet som skal til postkassane vil kunne kompensere for det generelle fallet i mengda av postkasseleverte sendingar. Tvert imot vil det i åra som kjem kunne bli stadig vanskelegare å få dekt dei store faste kostnadane knytt til postnettet.