Skriftlig spørsmål fra Tor André Johnsen (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:639 (2018-2019)
Innlevert: 19.12.2018
Sendt: 19.12.2018
Besvart: 04.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tor André Johnsen (FrP)

Spørsmål

Tor André Johnsen (FrP): Det er et stort antall usikrede planoverganger i det norske jernbanesystemet.
Vil Statsråden ta et initiativ for å få bedret sikkerheten ved slike planoverganger?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg syner til Prop. 1 S (2018-2019) for Samferdselsdepartementet, side 180, der går det fram at departementet samla har sett av 360 mill. kr til ulike tiltak for tryggleik og miljø i 2019. Dette omfattar mellom anna tiltak for sikring og sanering av planovergangar. Innanfor rammene av inngått avtale med Jernbanedirektoratet, er det opp til Bane NOR SF å vurdere kva for tiltak som bør gjennomførast for å få best oppnåing av måla for tryggleik i jernbaneframføringa. Tiltak for å førebyggje ulykker på planovergangar blir gjennomført etter ein analyse av jernbanestrekningane og ei samla vurdering av risikobiletet. Målet er at alle tiltak skal bidra til å opretthalde eller forbetre tryggleiksnivået.
Bane NOR melde nyleg om at føretaket i 2019 planlegg å sanere fire usikra planovergangar mellom Koppang og Atna på Rørosbanen, mellom anna den usikra planovergangen ved Bjøråneset, hvor det den 29. november 2018 inntraff ei tragisk ulykke.