Skriftlig spørsmål fra Nils T. Bjørke (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:652 (2018-2019)
Innlevert: 20.12.2018
Sendt: 20.12.2018
Besvart: 04.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Nils T. Bjørke (Sp)

Spørsmål

Nils T. Bjørke (Sp): Vil statsråden ta eit initiativ for å endre bompengeordninga for Vossepakko og Hardangerbrua, slik at næringslivet med tunge kjørety får rabattar som gjer det mogleg for dei å nytte seg av brua?

Begrunnelse

Frå 1. desember 2018 vart det nye bompengetakstar på Hardangerbrua. Ifølgje avisa Hordaland må tungtransporten betala 168 kroner gjennom Vossapakko og 574 kroner over Hardangerbrua. Ingmar Hårklau, dagleg leiar for PostNord på Voss, seier han vil leggja om rutene og unngå å køyra over brua. Dette fordi det ikkje lenger er rabattar å få for næringslivet som brukar tilbodet mykje.
Det vil vere lite teneleg for både næringsliv, omland og innbyggjarar.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Rabattane i den endra bompengeordninga er knytta opp mot brikkebruk. Sidan brikke er obligatorisk for tunge køyretøy får ikkje denne gruppa rabatt.
Det vil derimot vere mogeleg å endre takstar og passeringstaket på maks 25 passeringar per månad for å redusere grunntakstane for Vossepakko og Hardangerbrua. Eg tek ikkje initiativ til bompengar, det kjem som ein konsekvens av lokale vedtak. Ei eventuell endring av takstsystemet må vere forankra lokalt via lokalt initiativ og vedtak. Eg er naturlegvis open for å vurdere slike forslag.