Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:671 (2018-2019)
Innlevert: 04.01.2019
Sendt: 04.01.2019
Besvart: 11.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Vegdirektoratet vil foreslå en divisjonsmodell, istedenfor en modell basert på geografi for framtidig organisering av vegvesenet. Dette henger sammen med regionreformen og flytting av ansvar for fylkesveger. Vegdirektør Moe Gustavsen sier antall lokasjoner og ansatte i Statens vegvesen blir redusert, men at de nye divisjonene også kan bli plassert rundt i landet.
Hvordan vil Statens Vegvesen sikre en desentralisert struktur for å ivareta beredskap, lokalkunnskap og service til alle innbyggere med divisjonsmodell?

Begrunnelse

Viser til sak i NRK Troms 14. desember 2018.
– All erfaring viser at det blir mer sentralisering av makt med en divisjonsmodell. Det kan bety færre arbeidsplasser ute i distriktene. For oss er det viktig at vi har god veikompetanse i hele landet, sier Alf Edvard Masternes, leder i Forbundet for ledelse og teknikk – forbundet som organiserer ansatte i Statens vegvesen – til NRK 14. desember 2018. Dette berører hele landet. For Oppland gjelder dette 400 ansatte fordelt på kontorer på Fagernes, Otta, Gjøvik og Lillehammer.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Samferdselssektoren har dei siste åra gått gjennom ei rekke reformer. Omfattande prosessar som vil ha mykje å seie for Statens vegvesen framover er sett i gong. Særleg avvikling av sams vegadministrasjon med overføring av oppgåver til fylka, og områdegjennomgangen av Statens vegvesen gjev grunn til å gjere ein gjennomgang av heile organiseringa av Statens vegvesen.
Avvikling av sams vegadministrasjon inneber ein betydeleg reduksjon i talet på tilsette i Statens vegvesen. Kartlegging viser at Statens vegvesen i dag brukar om lag 1600 årsverk på sams vegadministrasjon. Overflytting av ansvar for sams vegadministrasjon til fylka vil i praksis gje større regionalisering enn i dag. Gjennom områdegjennomgangen er det avdekka eit betydeleg effektiviseringspotensial i etaten og divisjonalisering av særleg trafikant- og køyretøyområdet er peika på som eit tiltak. Områdegjennomgangen viser også at det blir nødvendig med omfattande tiltak for å ta ut effektiviseringspotensialet. I Prop. 1 S for 2019 har Regjeringa derfor sett som mål at Statens vegvesen skal redusere sine interne kostnader betydeleg og at det skal gjennomførast ei reform av trafikant- og køyretøyområdet som skal leggje til rette for framtidsretta, brukarorienterte og effektive tenester. Målet med effektiviseringsarbeidet er å ha effektive tenester og meir infrastruktur for pengane. Samferdselsdepartementet har i brev 29. oktober 2018 gitt Vegdirektoratet i oppdrag å greie ut ny organisering av Statens vegvesen og særlege tema på trafikant- og køyretøyområdet. Spørsmål om lokalisering skal greiast ut og vurderast i tråd med retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon. Sjølv om det er stort fokus på utvikling av digitale løysingar for å gje brukarane eit betre tilbod, skal Statens vegvesen også framover utføre mangearta oppgåver over eit breitt spekter som gjev behov for lokalt nærvær rundt omkring i landet. Ei eventuell divisjonsbasert organisering vil også måtte kunne møte dette behovet. Statens vegvesen si vurdering av ny organiseringsmodell vil vere klar om kort tid. Forslag til ny tenesteleveransemodell og –struktur på trafikant- og køyretøyområdet vil kome seinare i vår. Eg vil sjå nærmare på vurderingane frå Statens vegvesen når dei ligg føre.