Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:673 (2018-2019) Innlevert: 04.01.2019 Sendt: 04.01.2019 Besvart: 10.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Øystein Langholm Hansen (A): Hva blir konsekvensene for norske flypassasjerer dersom Storbritannia går ut av EU uten en fratredelsesavtale den 29. mars?
Jon Georg Dale: Går Storbritannia ut av EU utan ei utmeldingsavtale den 29. mars, og EU og Storbritannia ikkje blir einige om andre beredskapstiltak som Noreg slutter seg til, vil det kunne medføre store forstyrringar i flytrafikken. EUs regelverk om passasjerrettigheter vil ikkje gjelde for reiser med britiske flyselskap frå Storbritannia til Noreg. Krav til tryggleikskontroll for passasjerar som flyr frå Storbritannia og mellomlandar i Norge eller eit EU/EØS-land vil svare til dei krava som gjeld for flypassasjerar frå ordinære tredjeland.For norske luftfartsinteresser er det særleg tidskritisk at nytt avtaleverk mellom Noreg og Storbritannia, som sikrar fortsatt og uavbroten trafikk mellom landa, er på plass når Storbritannia trer ut av EU. Det er 482 flygingar i veka mellom Noreg og Storbritannia, og utan ei eller anna form for avtale mellom Noreg og Storbritannia vil desse flygingane ikkje kunne fortsette som i dag.Vi har derfor i lengre tid hatt dialog med Storbritannia, og arbeider med å få på plass ei bilateral luftfartsavtale, som kan nyttast dersom det blir eit "no deal"-utfall, og EU og Storbritannia ikkje blir einige om andre beredskapstiltak som ivaretar norske luftfartsinteresser og som Norge slutter seg til.Departementet vil samtidig fortsette å følge dei pågåande Brexit-forhandlingane og Kommisjonens beredskapsarbeid nøye.