Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:676 (2018-2019)
Innlevert: 04.01.2019
Sendt: 07.01.2019
Besvart: 17.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Hvordan vil statsråden følge opp tidligere uttalelser fra komiteen med ønske om kontinuerlig og kostnadseffektiv utbygging av rv. 9, og Stortingets vedtak om det samme, samt komiteens merknad om at strekningen Besteland–Helle kan igangsettes i 2019?

Begrunnelse

På besøk med Transport- og kommunikasjonskomiteen i Agder ble det uttrykt tilfredshet med at komiteen samlet seg om følgende merknad til budsjett 2019:

«Komiteen viser til tidligere uttalelser fra komiteen med ønske om kontinuerlig og kostnadseffektiv utbygging av rv. 9, og til Stortingets vedtak om det samme. Strekningen Besteland–Helle kan igangsettes i 2019, under forutsetning av godkjent reguleringsplan og kostnadsramme, samt lokal finansiering for 2019.»

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 er rv 9 i Setesdal ein av ni prioriterte utbetringsstrekningar. Dette inneber at det er lagt til grunn statlege midlar til utbetring av ei rekkje delstrekningar på rv 9 i Setesdal, jf. sidene 92 og 288 i meldinga.
Dei økonomiske rammene til programområdetiltak i Nasjonal transportplan gir ikkje rom for så omfattande utbetringar av dei prioriterte strekningane som ulike fleirtall i transport- og kommunikasjonskomiteen har lagt til grunn. Dette gjeld både for rv 9 i Setesdal og fleire andre strekningar. Oppmodingsvedtaket i saka om Kjevikveien og rv. 9 i Setesdalen er omtala i Prop. 1 S (2018 – 2019) side 20 -21.
I følgje opplysningar eg har fått frå Statens vegvesen ligg det enno ikkje føre vedtatt reguleringsplan for delstrekninga Besteland S – Helle N, noko som er ein føresetnad for at eit prosjekt kan takast opp til løyving. Tidspunktet for anleggsstart på denne strekninga må eg koma tilbake til når det ligg føre nærare avklaringar.