Skriftlig spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:718 (2018-2019)
Innlevert: 11.01.2019
Sendt: 11.01.2019
Besvart: 24.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Politiet har tatt til ordet for at de ønsker egen kjøreforskrifter for Nord-Norge.
Har Statsråden vurdert å innføre en slik forskrift?

Begrunnelse

Farlige vogntog på veiene i nord er et problem som bare vokser. Det går knapt en dag uten at trailere står fast og sperrer E6, E8 eller E10, viktige ferdselsårer i Nord-Norge. Årsaken er som regel at de er dårlig skodd og utstyrt for å ferdes på glatte vinterveier. Svært mange av disse er utenlandske kjøretøy.
Dessverre er denne tungtransporten også involvert i alvorlige ulykker. Sist mandag gikk det galt igjen. En latvisk trailer fikk sleng på hengeren, som skled over i motgående kjørebane. Nå ligger en ung mann livstruende skadd på UNN etter sammenstøtet. Med rette er folk i nord fortvilet over situasjonen, og flere forteller at de frykter å møte på vogntog på veien.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Nord-Noreg har hatt store utfordringar med utforkøyringar, fastkøyringar og alvorleg hendingar med vogntog i vinter. Eg er oppteken av å betre trafikkforholda vinterstid, og følgjer situasjonen nøye. Vintersesongen i Nord-Noreg er lang, noko som allereie er tatt høgde for i gjeldande regelverk. I forskrift om bruk av køyretøy stilles det mellom anna krav til bruk av vinterdekk og kjetting i ein lengre periode enn elles i landet.
Det skal vere trygt å ferdast i trafikken heile året, og eg har eit sterkt fokus på å få vogntog som skaper farlege situasjonar bort frå norske vinterveger. Ein grunnleggjande regel er at køyretøyet skal være sikra tilstrekkeleg veggrep for føret. Dette er primært sjåføren sitt ansvar. I den samanheng er krav til dekkutrusting, vintersjåførkompetanse og myndigheitskontroll viktige verkemiddel.
Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak mot dårleg skodde vogntog dei siste åra. Strengare krav til dekk og utstyr blei innført frå vintersesongen 2013/2014. Mellom anna er det krav til særskilt merka vinterdekk på alle akslar på tunge køyretøy og tilhengarane deira. Merkinga synliggjer at dekka skal ha eigenskapar som sikrar betre yting på is, snø og slaps. Det har vore fleire sakar i media om at dekk som er merka i etter regelverket likevel ikkje er gode nok. Til det vil eg presisere at det ikkje åleine er avgjerande om dekka er merka med for eksempel M+S. Sjølv om dekka er merka korrekt vil dei bli utsett for slitasje gjennom brukstida som kan påverke kvaliteten. Ved kontroll langs veg vil vegvesenet sine kontrollørar difor fokusere på dekka sine kvalitetar og eigenskapar framfor sjølve merkinga. Vegvesenets kontrollpersonell har gjennomgått særlig opplæring i kontroll av dekkutrustinga på tunge køyretøy. Dersom kontrollpersonellet avdekkjer at dekka, trass korrekt merking, ikkje er egna for køyring på vinterføre vil dei påleggje sjåføren å montere kjetting eller i alvorlege tilfelle, gje køyretøyet bruksforbod. I lys av ulukkene den siste tida, vil eg likevel sjå på moglegheitene for å skjerpe krava til vinterdekk ytterlegare. Eg har difor gitt vegvesenet i oppdrag å føreslå strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy. Formålet med ei slik skjerping er å styrke trafikktryggleiken og framkjømda på norske vintervegar.
Regjeringa har hatt ein kraftig satsing på utekontrollverksemda for å redusere trafikkproblem forårsaka av tunge køyretøy. I vintersesongen fokuserer Statens vegvesen særleg på kontroll av dekk, kjetting og bremsar for å hindre ulukker og at tunge køyretøy køyrer seg fast.
I lys av dei alvorlege ulukkene med tungbil denne vinteren, har Statens vegvesen intensivert kontrollinnsatsen i Nord-Noreg. Som eit strakstiltak har eg òg bede Statens vegvesen om å styrke kontrollverksemda ytterlegere, ved å omlokalisere kontrollressursar til utsette område. Tollmyndigheitene har fått delegert myndigheit til å kontrollere vinterdekk, og har òg intensivert kontroll av dekk- og kjettingutrusting på grenseovergangane i nord. Strakstiltaka gjer det mogleg å luke ut trafikkfarlege vogntog i langt større grad, samt at dei bidrar til å skjerpe fokus på riktig dekk-, kjetting- og bremseutrusting hos sjåførane og bestillar av transporttenestene.
Avsluttingsvis vil eg nemne at vi over lengre tid har jobba systematisk opp mot EU for å få på plass styrka krav til kompetanse for utanlandske sjåførar til å køyre på vinterføre. Dette har vi no vunne fram med. Yrkessjåførdirektivet er revidert, og frå 2020 vil det bli stilt styrka krav til sjåførane sin kompetanse til køyring under ekstreme vêrforhold. Dette vil bidra til å betre forholda på norske vinterveger, saman med dei andre tiltaka vi alt har gjennomført.
Sjølv om det er gjort ,og gjerast, ein stor innsats for å betre trafikktryggleiken vinterstid, kjem vi ikkje bort frå at Noreg har eit omfattande vegnett, og ofte svært krevjande vêr- og føreforhold. Vi vil difor ha ei konstant utfordring i å takle dette på best mogleg måte. Eg tek denne utfordringa svært alvorleg og vurderer fortlaupande moglegheiter for å sette i verk tiltak som ytterligare kan styrke trafikktryggleiken på norske vinterveger.