Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa endre forskrifta for Merkurprogrammet slik at fleire nærbutikkar kan søkje om og få støtte, enten ved å endre avstandskravet eller ved at det kan brukast skjønn?
Begrunnelse
Viser til at nærbutikken på Grimo i Ullensvang herad tidlegare har fått støtte av Merkurprogrammet. Men etter forskriftsendringa som kom i vår, er denne butikken hindra i å søkje om støtte fordi den ligg nærare ein annan butikk enn kravet i forskrift på 10 km. Næraste butikk er på Utne, 7 km vekke. Men desse butikkane har heilt ulikt kundegrunnlag, og det er fleire kilometer utan busetnad mellom butikkane. Det er eit klårt ynskje å få endre krav i forskrift til 5 km eller at ein får høve til å bruka skjønn.