Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:725 (2018-2019)
Innlevert: 11.01.2019
Sendt: 14.01.2019
Besvart: 18.01.2019 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Ifølge DN har sentralskattekontoret lagt avgjerande vekt på eit brev frå finansdepartementet då Andersen og Ferd fekk nullskatt. Finansdepartementet seier nå at dette brevet som skattekontoret har vist til ikkje gjelder for Johan H Andersens selskap. Eg går utifrå at statsråden er einig med meg i at skattereglane må vera klåre og tydlige, og viss departementet har bidrege til misforståelser/uklårheit så vert det rydda opp i ved å klargjere reglane.
Kva vil statsråden gjere for å rydde opp i denne saka?

Begrunnelse

Det har vore fleire rundar i media vedrørande nullskatt for Ferd, som er Johan H Andersen sin stifting. Det vert vist til at det er eit brev frå finansdepartementet som har vorte tolka av skattemyndigheitene til å gjelde denne saka, noko den ikkje var meint å skulle omhandle. Viss det er slik så må det ei tydeleggjering til frå departementet si side, på korleis skal reglane tolkast. Dette for å unngå misforståelser. Det er ein ankebehandling på gang som ein sjølvsagt ikkje skal gripe inn i, men jo viktigare er det at reglane vert klargjort.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: I ditt brev vises det til oppslag i Dagens Næringsliv (DN) om skattlegginga av Ferd i forbindelse med investeringar i to oppkjøpsfond. Saka gjeld skattlegging av såkalla «carried interest». Det går fram av oppslaga at skattekontoret har lagt til grunn at inntekta skal klassifiserast som kapitalinntekt, noe som innebar at inntekta vert skattefri for Ferd. Det går vidare fram av oppslaga at skattekontoret i sit vedtak har vist til eit brev frå Finansdepartementet som omhandlar skattlegging av aktive eigarar av private equityverksemd.
Skattlegginga av inntekter frå ulike fondsstrukturar må baserast på dei alminnelige skattereglane. Det må blant anna vurderast kven som skal skattleggast for inntektene og om inntektene skal klassifiserast som kapitalinntekt, inntekt frå verksemd eller arbeidsinntekt. Korleis dei alminnelege reglane nyttast i den enkelte sak, må avgjerast konkret blant anna på grunnlag av korleis fondsstrukturen er bygd opp og korleis inntekta er opptent.
Finansdepartementet arbeidar kontinuerlig med å klargjere og forbetre skatteregelverket. I tillegg gir Skattedirektoratet utfyllande informasjon og rettleiing til skattytarane og etaten om korleis reglane er å forstå og skal praktiserast. Eg vil likevel presisere at Finansdepartementet ikkje går inn i den konkrete skattlegginga av enkelte skattytarar. Dette gjeld også skattlegginga i denne saka. Eg vil vidare peike på at det gjeld generelle fristreglar i skatteforvaltningsloven for å ta opp sakar. Fristen er fem år frå utløpet av det inntektsåret saka gjeld.