Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:764 (2018-2019) Innlevert: 18.01.2019 Sendt: 21.01.2019 Besvart: 28.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Siv Mossleth (Sp): Er det riktig at fylkeskommuner som gir transportløyve med hjemmel i § 7 i yrkestransportlova ikke kan stille krav til utslipp for fartøy som blir benyttet, og vil statsråden gi fylkeskommunene som gir løyvene anledning til å fastsette slike vilkår for løyver?
Jon Georg Dale: Yrkestransportlova § 7 gjeld krav om løyve for persontransport med fartøy i rute mellom stader i Noreg. Det er ikkje krav om løyve for persontransport i rute med fartøy mellom Noreg og utlandet. Det er heller ikkje krav om løyve etter yrkestransportlova for persontransport med fartøy utanfor rute eller godstransport med fartøy. Det er i utgangspunkt ikkje heimel for å stille krav om utslipp for fartøy etter § 7 i yrkestransportlova.Ein vesentleg del av dei innanlandske rutesambanda med fartøy som må ha løyve etter § 7 i yrkestransportlova, er ikkje kommersielle, og er difor basert på at fylkeskommunane, eller staten (for riksvegferjene og kystruta Bergen-Kirkenes) må sikre slike tenester gjennom kjøp.Etter yrkestransportlova § 8 er hovudregelen for desse tenestene at løyve etter § 7 (og § 6 for bilruter) skal tildelast gjennom konkurranse. For sjørutene vil regelverket for offentlege anskaffingar gjelde. Etter lov om offentlige anskaffelser § 5 er det klar heimel for at fylkeskommunane og staten kan stille konkrete miljøkrav ved slike kjøp. Slike krav blir og stilt.Eg ser på bakgrunn av det som er nemnt over ikkje at det er behov for å gjere endringar no som opnar for at fylkeskommunane skal kunne stille miljøkrav for tildeling av løyve etter § 7 i yrkestransportlova for kommersielle båtrutesamband som utgjer ein svært liten del av båtrutesambanda innanlands.