Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:795 (2018-2019)
Innlevert: 23.01.2019
Sendt: 23.01.2019
Besvart: 30.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): Nye Veier har meddelt at hele strekningen E6 Sør fra Ulsberg til Melhus nå skal prioriteres. Det kan gi byggestart i 2020 og ferdigstillelse i 2023/2024. For å komme videre med arbeidet venter de på behandling av bompengeproposisjonen i Stortinget.
Når vil bompengeproposisjonen for E6 Sør i Trøndelag komme til Stortinget for politisk behandling?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Nye Veier AS blei oppretta 1. januar 2016 med eige styre og eiga finansiering over statsbudsjettet. I tillegg til den statlege finansieringa blir selskapet si utbyggingsverksemd finansiert med bompengar.
Nye Veier AS har etter opprettinga hatt betydelege kostnadsreduksjonar på prosjekta sine. Da selskapet blei tildelt porteføljen var det anslått at den ville ta 20 år å bygge ut. Før utvidinga i januar 2019 antyda selskapet at dei kan bygge ut originalporteføljen på ei tidslinje ned mot 12 år. Erfaringa så langt er altså at selskapet får ned kostnader, opp samfunnsnytta og forserer framdrift.
Samferdselsdepartementet har inngått avtale med selskapet som fastlegg dei overordna rammene for selskapet, medrekna omtale av porteføljen som skal byggjast ut av selskapet. I tillegg inngåast det avtale om dei ulike strekningsvise utbyggingane som ligg i porteføljen. Desse vegutbyggingsavtalane regulerer mellom anna omfanget av utbygginga, kostnadar og finansieringa. Det blir altså der fastsett ein fast pris for utbygginga og det blir, med atterhald om Stortinget si godkjenning, fastsett rammer for det statlege bidraget i finansieringa og kor mykje som skal finansierast gjennom bompengar.
På grunnlag av lokale styresmakter sine vedtak om bompengefinansiering og Samferdselsdepartementet sin vegutbyggingsavtale med Nye Veier AS, legg Regjeringa så fram for Stortinget forslag om bompengefinansiering av dei ulike strekningane som skal byggast ut av Nye Veier AS. Så langt er følgjande proposisjonar lagt fram om bruk av bompengar i utbyggingar som skal utførast av Nye Veie AS:

• Prop. 86 S (2015–2016) Bompengefinansiering av E18 Tvedestrand – Arendal i Aust-Agder
• Prop. 128 S (2015–2016) Bompengefinansiering av E18 Rugtvedt – Dørdal i Telemark
• Prop. 131 S (2015–2016) Bompengefinansiering av E6 på strekningen Kolomoen – Moelv i Hedmark
• Prop. 135 S (2016–2017) Finansiering og utbygging av E39 på strekningen Kristiansand vest – Lyngdal vest i kommunene Kristiansand, Songdalen, Søgne, Mandal, Lindesnes og Lyngdal i Vest-Agder
• Prop. 81 S (2017–2018) Finansiering og utbygging av E6 på strekningen Ranheim – Åsen i kommunene Trondheim, Malvik, Stjørdal og Levanger i Trøndelag

Samferdselsdepartementet har motteke forslag til vegutbyggingsavtalar og grunnlag for proposisjonar om bompengefinansiering av Nye Veier AS si utbygging av E6 frå Ulsberg til Melhus i Trøndelag og ei samla utbygging av E18 frå Langangen til Dørdal i Telemark.
Proposisjonar om finansiering av desse utbyggingane, og andre framtidige utbyggingar i regi av Nye Veier AS, vil bli lagde fram for Stortinget så snart dei er klare.