Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:802 (2018-2019)
Innlevert: 24.01.2019
Sendt: 25.01.2019
Besvart: 04.02.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor mange flytimer nytta Hæren 339 skvadronen årleg basert på kvart enkelt år i perioden 2013 til 2018, og er det korrekt at kostnaden for tre flytimer med innleigd sivilt helikopter vil kunne koste inntil 1 million?

Begrunnelse

I ei sak frå aldrimer.no 24.01.19 kjem det fram at tre flytimer med eit innleigd sivilt helikopter kostar inntil 1 020 000 kroner. Dette vil i så måte vera meir enn det totale øvingsbudsjettet som 339 skvadronen disponerer i dag, ifølgje artikkelen.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 25. januar 2019 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete. Spørsmålet er kor mange flytimar Hæren nytta Bell 412 i Nord-Noreg årleg i perioden 2013–2018, og flytimepris for innleidde sivile helikopter.
Vi har innhenta informasjonen frå Forsvaret. Timetalet ligg årleg ein plass mellom 800 og 1 000 timar. Anslaget inneheld ikkje tillegg for ein god del trening og utsjekk, som Luftforsvaret gjer uavhengig av Hæren. Det inneheld heller ikkje dei oppdraga som er kansellerte.
Det skal være tre Bell 412 stasjonert i Nord-Noreg. Det er ikkje dermed sagt at Bell 412 stasjonerte på Rygge ikkje kan bidra i Nord-Noreg dersom det skulle være naudsynt ut frå operative behov. Bell 412 har ikkje allvêrskapasitet og har liten løftekapasitet. Derfor har Forsvaret inngått ei rammeavtale for innleie av sivile helikopter til transportoppdrag. Avtala inneheld opsjonar på ulike typar helikopter, med ulike kapasitetar og prisar. Prislista som aldrimer.no refererer til er korrekt, men den dyraste opsjonen vil berre nyttast unntaksvis. Det helikopteret som normalt skal leiast inn er AS350, og prisen for dette vil være kr 68 750,- for tre flytimar det første døgnet. Dette helikopteret har allereie vært nytta av Forsvaret ved fleire anledningar.