Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:809 (2018-2019)
Innlevert: 25.01.2019
Sendt: 28.01.2019
Besvart: 04.02.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vil statsråden syte for at Noreg aukar kampkrafta i Forsvaret i perioden fram mot ny Langtidsplan, og vil den nye LTP sikre at me tilfredstillar dei auka nasjonale behova og innfrir krava frå NATO, som nåverande LTP ikkje gjer?

Begrunnelse

I forsvarssjefen sin tale i Oslo militære Samfund 22. januar 2019 sa han: «...I mitt fagmilitære råd som ble gitt til den nåværende langtidsplanen, beskrev jeg «en nøktern forsvarsstruktur». I media ble dette omtalt som «et minimumsforsvar». I dag er realiteten at det minimumsforsvaret ikke lenger er minimum. Det er for lite til at Forsvaret over tid kan klare våre forpliktelser nasjonalt og internasjonalt». Vidare seier han: «...Med dagens struktur og reaksjonsevne, vil vi hverken klare å tilfredsstille økte nasjonale behov eller innfri økte krav fra NATO.»

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Langtidsplanen til regjeringa for perioden 2017–2020 medfører eit historisk løft for å bygge opp att forsvarsevna og kampkrafta. Vi har henta inn store delar av vedlikehaldsetterslepet og byrjar no gradvis å auke aktiviteten i forsvarsgreinene og styrkje nærværet i våre interesseområder. Vi gjennomfører investeringar i strategiske kapabilitetar som kampfly, maritime patruljefly og ubåtar. Dette er viktig både for forsvaret av Noreg og som bidrag til NATOs kollektive forsvar.
Gjennom den gjeldande langtidplanen styrkast den reelle operative evna og kampkrafta til forsvaret gjennom eit dobbelt løft for bærekraft, med ein kombinasjon av ei betydeleg auking av forsvarsbudsjettet og ein rekkje strukturelle tiltak, der tilgjengelegheit og utholdenheit, beredskap og fornying av materiellet styrkast på både kort og lang sikt.
Det sikkerheitspolitiske grunnlaget og analysane som låg til grunn for gjeldande LTP er i stor grad enno gyldig i tilhøve til retning. Det er like fullt behov for å halda fram styrkinga av Forsvaret. Regjeringa har difor starta arbeidet med ein ny og oppdatert langtidsplan for forsvarssektoren, som vil byggja vidare på dei strategiske vala og prioriteringane i inneverande plan.
Arbeidet med kommande langtidsplan vil måtta ta inn over seg ei sikkerheitspolitisk utvikling prega av tydelegare alvor, aukande uforutsigbarheit og større sårbarheit. Det er naudsynt å vurdera korleis endringar i rammefaktorar, slik som den sikkerheitspolitiske utviklinga, utviklinga i trussel- og risikobildet og utviklinga hos våre allierte, den teknologiske utviklinga og økonomiske føresetnader heng saman med ulike forsvarspolitiske ambisjonar og val.
Regjeringa er oppteken av at forsvarssjefen skal ha ei tydeleg rolle i arbeidet med ny langtidsplan. Forsvarssjefen vil få i oppdrag å utvikle fagmilitære råd på områder regjeringa vil vidareutvikla.
Vi vil halda fram satsinga på Forsvaret i åra som kjem, slik at vi òg i framtida har eit forsvar som er i stand til å løyse oppgåvene Forsvaret har. Regjeringa vil prioritera å bruke ein tilstrekkeleg stor del av ressursane til nasjonen på forsvar. Difor har regjeringa løyvd meir pengar til Forsvaret.
Sidan regjeringa tiltredde har vi auka forsvarsbudsjettet reelt med om lag 30 prosent og vi skal bevega oss ytterlegare mot å bruke to prosent av BNP på Forsvaret innan 2024 .
Regjeringa har som ambisjon å oppfylle forpliktingane våre overfor NATO og vi vil vurdere høva for å auka Forsvaret sin robustheit ytterlegare. Noreg skal ha eit relevant og robust forsvar og være ein truverdig og solid alliansepartnar.
Regjeringa vil ta ansvar og søkja tverrpolitisk semje om den vidare styrkinga av forsvarsevna vår.