Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:814 (2018-2019) Innlevert: 25.01.2019 Sendt: 28.01.2019 Besvart: 06.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Siv Mossleth (Sp): Posten måler hvor stor andel av brevene som kommer fram innen fristen. Det sendes ut 80 000 testbrev årlig. Kan statsråden legge fram nærmere opplysninger om metoden som brukes under målingene, så som hvor brevene sendes fra, om det er større forskjeller mellom sendinger eksempelvis fra nord til nord, og om hvor lang tid det tar før de brevene som ikke er innenfor fristen bruker på å komme fram?
Jon Georg Dale: Målingane av framsendingstid blir utførte av ein ekstern måleoperatør (Quotas). Årleg blir det sendt om lag 80 000 testbrev. Breva blir sende mellom regionane lik den prosentvise fordelinga av dei verkelege brevvoluma. Quotas har etablert eit nettverk av avsendarar og mottakarar over heile landet. Posten har ikkje kjennskap til kva avsendarar og mottakarar som deltek i målingane. Breva blir sende etter ein nøye oppsett plan og fleire innleveringsformer blir nytta (innleveringskassar og Post i butikk). Breva har også ulik vekt, format og frankeringsmåte.Målingane for brevpost blir gjort etter krava i gjeldande CEN-standard, jf. krav sett i Posten sin mellombelse konsesjon punkt 1.8. Standarden ligg også til grunn for måling av grensekryssande sendingar til og frå EØS-land. Det regionale resultatet på 84,8 % for region Nord i perioden januar-november 2018, gjeld for testbrev utlevert i denne regionen. Posten har analysert resultata for testbrev sendt og mottatt i region Nord. Basert på målingane for heile 2018, som no er rapportert til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, er resultata for testbrev sendt mellom adresser i region Nord 1,6 prosentpoeng høgare enn for brev sendt frå dei fire andre regionane til Nord. Dette viser at resultata regionane i mellom også på detaljert nivå er relativt like.Resultata for heile 2018 viser at 89,9 % av brevposten er framme innan to virkedagar etter innlevering (D+2), mens heile 99,1 % er framme innan fire dagar frå innlevering (D+4). Det vil seie at ni av ti brev kjem fram i løpet av to dagar. Blant dei attståande breva er ytterlegare ni av ti brev framme innan fire dagar frå dei er postlagde (D+4), slik at berre eitt av hundre brev brukar meir enn fire virkedagar i postgangen.