Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:815 (2018-2019) Innlevert: 25.01.2019 Sendt: 28.01.2019 Besvart: 01.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): Follobanen ser nå ut til å bli utsatt til 2022. Dette vil ramme mange tusen pendlere som har belaget seg på å endelig få et bedre tilbud i 2021.Hva vil statsråden gjøre for å sikre rask fremdrift i prosjektet og hvilke avbøtende tiltak settes inn for de som blir rammet av denne utsettelsen?
Jon Georg Dale: Eg må fyst og fremst påpeike at utfordringane som har oppstått i tilknyting til Follobaneprosjektet er veldig uheldige. Det er svært leit for alle dei som gleder seg til ein ny reisekvardag, dersom opninga av Follobanen blir utsett.Eg forventar god framdrift og god styring av alle samferdselsprosjekt der staten løyver midlar. Samstundes er det slik at ved krevjande infrastrukturprosjekt som Follobanen, er det vanskeleg for både meg og andre aktørar å kunne gje nokon garanti for at uhell eller uønskte hendingar ikkje vil skje. Styret i Bane NOR har ansvaret for at prosjektet blir leda på ein god måte og at tiltak blir satt i verk når uventa omstende oppstår.For å gjere meg viss om at styret i Bane NOR tek handsaminga av saka om Follobanen på største alvor, hadde eg eit møte med styreleiar i Bane NOR måndag 21. januar. Onsdag 23. januar, fatta styret i Bane NOR vedtak om å sende Jernbanedirektoratet endringsmelding med forslag om å utsetje tidspunktet for når ein tek Follobanen i bruk med eitt år, til desember 2022, og om auka styrings- og kostnadsramme. Jernbanedirektoratet vil som oppdragsgivar for Bane NOR handsame førespurnaden frå Bane NOR om utsetjing og auka kostnads- og styringsrammer i første omgang. Eg har bedt Jernbanedirektoratet i si handsaming av saka om å forsikre seg om at alle relevante handlingsalternativ for å unngå og minimere negative konsekvensar vert vurdert, både for Follobaneprosjektet isolert, for andre prosjekt og for dei reisande. Når dette er gjort, vert saka lagt fram for Samferdselsdepartementet. Samferdselsdepartementet vil så gjere ei vurdering av mellom anna dei budsjettmessige konsekvensane, og deretter kome tilbake til Stortinget.Dersom Jernbanedirektoratet kjem fram til at opninga av Follobanen må utsetjast, vil eg be Jernbanedirektoratet finne avbøtande tiltak, som kan redusere ulempene for dei reisande.