Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:841 (2018-2019)
Innlevert: 29.01.2019
Sendt: 30.01.2019
Besvart: 05.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Kvamskleiva har vore høgast prioritert for rassikring i region aust hjå Statens Vegvesen, og reguleringsplanen vart vedtatt i Vang kommune allereie i 2015. Prosjektet har vore 2. prioritet dei tre siste NTP-ane. Dersom prosjektet ikkje får midlar til å byrje utbetring no, vil reguleringsplanen bli forelda i neste NTP, og må reviderast. Dette er unødig bruk av offentlege ressursar.
Når kan prosjektet realiserast?

Begrunnelse

Strekningen E16 Kvamskleiva har omlag 170 ras årleg, er 6 km lang og har ca. 3 000 i forventa ådt, som den mest vintersikre vegen mellom aust og vest i Sør-Noreg. Dette er mykje på grunn av auka standard på E16 andre stader.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 er det prioriterte statlege midlar til gjennomføring av skredsikringsprosjektet E16 Kvamskleiva i siste seksårsperiode (2024-2029). Dette inneber at nærare avklaring av tidspunktet for gjennomføring av prosjektet er føresett å skje gjennom arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033.
I følgje Statens vegvesen er det gjort nokre endringar av prosjektet, slik at Vang kommune fatta nytt reguleringsplanvedtak for heile planområdet så seint som i mai 2018. Eg vil derfor komme tilbake til prioriteringa av prosjektet i samband med Nasjonal transportplan 2022-2033.