Skriftlig spørsmål fra Bjørnar Moxnes (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:929 (2018-2019)
Innlevert: 08.02.2019
Sendt: 08.02.2019
Besvart: 15.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bjørnar Moxnes (R)

Spørsmål

Bjørnar Moxnes (R): Hvor stor andel av vogntogene som passerer alle grenseoverganger inn i Norge, kontrolleres, og hvor stor andel av dem får bot, hvor mange av disse er utenlandske vogntog, hvor mye har det blitt utstedt i bøter siden 2013, fordelt på år og land, hvor stor andel av bøtene har Statens Innkrevingssentral klart å drive inn, og hva gjør regjeringen for å sikre at Statens Innkrevingssentral får muligheten til å drive inn disse bøtene fra EU-land utenfor Norden?

Begrunnelse

I 2013 meldte NRK at utenlandske sjåfører skylder 200 millioner kroner i ubetalte bøter til den norske stat. Norske Lastebileieres forbund fikk statistikk fra Statens Innkrevingssentral på det samme i 2016, men siden har det ikke blitt offentlig gjort tall på dette. Vi ber derfor om oppdaterte tall.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil vise til at utgangspunktet for Statens vegvesens kontrollverksemd er risikobasert utveljing av tunge køyretøy. Statens vegvesen har om lag 200 kontrollørar som kontrollerer tunge og lette kjøretøy langs veg og i føretak.
Det er stor trafikk inn over grenseovergangane til Noreg, noko tal frå vegdatabanken gir ein indikasjon på. Statens vegvesens kontrollverksemd er innretta for å kontrollere ein del av dei køyretøya som passerer gjennom stikkprøvar, samstundes som dei kontinuerleg har fokus på å ta i bruk ny teknologi for å fange opp flest mogleg køyretøy med manglar, og slik målrette bruken av kontrollressursane så godt som mogleg.
Statens vegvesen gjennomførte teknisk kontroll av 82 611 tunge kjøretøy i 2018. I tillegg kjem forenkla kontrollar av vinterutrusting ved vanskelige vær og føreforhold. Av dette var 42 % av køyretøya registrerte i andre land enn Noreg. Samla hadde om lag 40 % av dei kontrollerte køyretøya i 2018 manglar, dette gjeld både norske og utanlandske. Talet på feil og manglar blir likevel ikkje dekkande for å seie noko om den generelle tilstanden på tunge køyretøy, då kontrollane blir retta mot køyretøy som har større risiko for manglar.
Statens vegvesen nyttar reaksjonar som åtvaring, pålegg om retting, bruksforbod, gebyr og politianmeldelse. Denne regjeringa har styrka kontrollstyresmaktene sine moglegheiter til å sikre betaling, gjennom å etablere lovheimel for å halde attende køyretøy og nytte hjullås der det blir gitt eller ein kan vente at det blir gitt straff/bot eller gebyr for brot på vegtrafikklovgivinga. Kontrollstyresmaktane kan halde att køyretøyet til kravet er betalt, eller til det er stilt sikkerheit for betalinga. Det er no eit arbeid på gong for å gjere retten til å holde køyretøy attende endå meir effektiv.
Statens vegvesen har, i motsetnad til politiet, ikkje myndigheit til å gje bøter etter vegtrafikk- eller yrkestransportlovgivinga. Statens vegvesen har heller ikkje myndigheit til å krevje inn slike bøter.
Tal frå skatteetaten viser at av totalt 300 millionar i uteståande bøter for personar og føretak med adresse i utlandet per 2018, var 77 prosent av den totale restansen ordinære bøter. Ordinære bøter blir gitt for alle typar lovbrot og brot på trafikklovgivinga utgjer berre ein liten del av dette. Tal frå skatteetaten som gjeld perioden 2014-2018, viser at personar og føretak med adresse i utlandet utgjer totalt 20 prosent av utferda beløp for såkalla trafikantsanksjonar, det vil seie trafikkgebyr, overlastgebyr og parkeringsgebyr, og 6 prosent av forenkla trafikkførelegg, som anten er bøter gitt ved automatisk trafikkontroll eller forenkla førelegg gitt av politiet. Tala gir ikkje eit eintydig bilete av at utanlandske sjåførar er overrepresenterte, med unntak av mislighaldstypane som gjeld manglande dekkutrusting, kor personar og føretak med adresse i utlandet utgjer 46 % av det utferda beløpet.
Skatteetaten fakturerer slike krav uavhengig av nasjonalitet og skyldnaren sin tilhaldsstad, så framt skyldnaren har kjend adresse. Der kravet blir gjort opp frivillig er utanlandsk adresse ikkje ei hindring. Vidare kan opplysningar om adresse for personar og føretak i utlandet somme tider vere dårlege, og det kan ta noko tid før mottakar får kravet. Difor blir ein del krav betalt etter at kravet er mislighaldt, men før det er satt i gang reelle tiltak for innkrevjing.
Dersom skyldnaren med adresse i utlandet ikkje betaler, men har midlar i Noreg, kan kravet tvangsinnkrevjast etter norske reglar ved utlegg. Norske styresmakter har ikkje høve til sjølve å tvangsinnkrevje beløp i andre land, men kan sende over kravet til andre land sine styresmakter for tvangsinndriving der det ligg føre avtale om dette. Slik samarbeidsavtale har ein for eksempel med dei nordiske landa. Dette samarbeidet fungerer godt.
I dei tilfella skyldnaren ikkje har midlar i Noreg eller det ikkje finst samarbeidsavtale, er moglegheita for tvangsinnkrevjing langt mindre enn kva som er tilfellet er for norske skyldnarar.