Geir Pollestad (Sp): Meiner statsråden det er ein ubalanse mellom oljeselskap og leverandørindustrien på norsk sokkel og kva kan eventuelt gjerast for å rette opp dette?
Begrunnelse
Equinor er ein stor aktør på norsk sokkel. Det er ein pågåande debatt der det vert hevda frå einskilde aktørar i leverandørindustrien, særleg innafor rederia, hevder at Equinor presser prisane for hardt.
For Noreg som oljenasjon er det viktig at me har aktivitet i heile verdikjeda. Dette tilseier at både oljeselskapa og leverandørindustrien bør halde litt igjen anten det er press eller ledig kapasitet i marknaden.
Her er ein sak som illustrerer saka det er ynskjeleg med statsråden si vurdering av. https://www.skipsrevyen.no/article/kritiserer-equinor-for-underprising/