Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:965 (2018-2019)
Innlevert: 13.02.2019
Sendt: 13.02.2019
Besvart: 20.02.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Står forsvarsministeren fast på at det ikkje føreligg ei avtale mellom Noreg og USA om satellittprosjektet som vart vedteke i Stortinget i juni 2018?

Begrunnelse

I følgje oppslag på NRK kan ein i offisielle amerikanske dokument lese at USA for lengst har starta å løyve midlar til satellittprosjektet USA skal realisere i samarbeid med Noreg. Dokumentet viser at USA alt i 2017 sette av fem millionar amerikanske dollar for 2017 og 63 milliardar for 2018. Prosjektet skal frå amerikansk side ha ei kostnadsramme på 887 amerikanske dollar. Forsvarsministeren har ovanfor Stortinget nekta for at det finst noko avtale mellom Noreg og USA om satellittprosjektet.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 13. februar 2019, vedlagt spørsmål til skrifleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om det finst ei avtale mellom Noreg og USA i samband med Space Nonruays satellittprosjekt. I 2016 innleidde det norske og det amerikanske forsvarsdepartementet uformell dialog om høvet for ei amerikansk nyttelast for smalbands satellittkommunikasjon på Space Nonrvays satellittar. Gjennom den uformelle dialogen har det amerikanske forsvarsdepartementet (US DoD) uttrykt behov for at ei eventuell plassering av amerikansk nyttelast på Space Nonrays satellittar vert regulert gjennom eit Memorandum of Agreement (MoA) med Forsvarsdepartementet (FD). Space Norways prosjekt vart stortingsbehandla gjennom lnnst. 330 S (2017-2018) og prop. 55 S (2017-2018). I etterkant har det vorte starta forhandlingar mellom FD og US DoD. Forhandlingane er enno pågåande. Avtaleinngåing er forventa i løpet av første halvår 2019. Det er med andre ord ikkje inngått noko avtale mellom Noreg og USA på nåverande tidspunkt. FD er i tillegg i dialog med andre allierte nasjonar som ynskjer tilgjenge til den norsk militært kontrollerte breibandkapasiteten. I dette sambandet har FD mellom anna planlagt å inngå ei intensjonsavtale med det britiske forsvarsdepartementet i nær framtid.