Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1028 (2018-2019) Innlevert: 20.02.2019 Sendt: 20.02.2019 Besvart: 01.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Marit Knutsdatter Strand (Sp): I dag veit ingen i Statens vegvesen (SVV) kor dei skal jobbe og kva dei skal jobbe med etter 1.1.2020. Folk slutter, kompetanse forsvinn og det kan vere grunn til å vere bekymra for korleis til dømes drift og beredskap blir ivaretatt etter 1.1.2020. Mange sit med stor lokalkunnskap som vil vera av stor betyding ved drift av høgfjellsoverganger og ved flom og skred.Korleis ser statsråden for seg den framtidige organiseringa av SVV, og korleis sikrar statsråden at denne dyrebare kompetansen ikkje blir borte?
Visar til Dokument nr. 15:671 (2018-2019).
Jon Georg Dale: Etter oppmoding frå Stortinget, har regjeringa gått inn for å avvikle sams vegadministrasjon og overføre fylkesvegoppgåvene til fylka. Ei oppdatert kartlegging viser at Statens vegvesen nyttar om lag 1 800 av totalt 7 000 årsverk på å forvalte fylkesvegane på vegne av fylka. Ein så omfattande reduksjon i oppgåveomfang og årsverk har, saman med også andre forhold, gjort det naudsynt å vurdere framtidig organisering av etaten. Samferdselsdepartementet ga derfor Statens vegvesen i oppdrag å komme med framlegg til ny overordna organisasjonsmodell for etaten. Formålet med arbeidet er å leggje til rette for meir veg for pengane og gode moderne tenester for brukarar i framtida.I januar leverte Statens vegvesen ein rapport med framlegg om å gå bort frå dagens regionorganisering til ein funksjonsbasert organisering som inneber inndeling i divisjonar. Rapporten inneheld ikkje framlegg til lokalisering av divisjonar eller tenestestader for øvrig.Rapporten viser til at alle organisasjonsmodellar som er vurdert, vil gi store moglegheiter for å ivareta spreidd geografisk plassering av einingar og tilsette. Statens vegvesen er og vil framleis vere ein etat med sterkt lokal nærvær, uavhengig av modellval. Dette er naudsynt for å ivareta etatens regionale samfunnsansvar og sikre kompetanse om lokale tilhøve.Regjeringa har no fått eit grunnlag for å ta stilling til overordna organisasjonsmodell for Statens vegvesen. Eg forstår uroa som dei tilsette i Statens vegvesen opplever kring prosessen, og regjeringa tek derfor sikte på raske avklaringar. Regjeringa tek sikte på at ny organisering skal tre i kraft 1. januar 2020, samtidig som avviklinga av sams vegadministrasjon.Lokalisering av einingar blir ein del av neste fase av arbeidet, og vil bli sett i samanheng med ny struktur på trafikant- og kjøretøyområdet. Statens vegvesen har frist på dette arbeidet 10. mai i år.