Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere Stortinget om kor mange nye stillingar som faktisk vil komme i politidistrikt Vest i 2019, sett opp mot stillingar i 2018, og kan statsråden gi ei oversikt over utviklinga dei siste 3 åra?
Begrunnelse
Viser til nyhenda om at regjeringa lovar 189 fleire politistillingar i 2019. Vest politidistrikt skal få 17 av desse. Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen, uttalar til NRK 20/2-19 at verkelegheita er annleis, og at distriktet har mindre pengar å rutte med enn tidlegare. Det vert grunngjeve blant anna med ABE- reforma og omstillingar som krev pengar, til dømes ved omlegging til færre passkontor. I hans distrikt sto 10 stillingar ledige i 2018 på grunn av pengemangel. Nasjonal leiar i Politiets fellesforbund, Sigve Bolstad, stadfestar at alle landets politidistrikt opplever det same som Johannesen skildrar.