Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden opplyse om kor dei innsette ved Bergen fengsel avd. Osterøy (Ulvsnesøy) er blitt overført etter nedlegginga, kan han garantere at dei kvinnelege innsette ikkje må sitte lengre på lukka soning enn før nedlegginga grunna manglande kapasitet på open soning i området, og kan han informere om korleis tilgangen til varetektsplassar har utvikla seg etter nedlegging av Ulvsnesøy, inkludert kor mange varetektsplasseringar som er blitt nytta utanfor regionen den siste tida?
Begrunnelse
Viser til vedtaket om å legge ned Bergen fengsel avdeling Osterøy, på Ulvsnesøy, som har hatt 31 soningsplassar, av desse 9 forbeholdt kvinner. Det har vore stor motstand mot nedlegginga, og spesielt er det uro om nedlegginga ville bety at kvinner ville måtte sone på høgare sikkerheitsnivå eller bli tvinga til å sone lengre vekke frå familie, i og med at nedlegginga ville bety nedlegging av dei einaste opne soningsplassane for kvinner i region vest. Det har òg vore spørsmål om nedlegginga av Ulvsnesøy ville føre til kapasitetsproblem generelt, som akutt vil gå ut over tilgangen til varetektsplassar.