Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1176 (2018-2019)
Innlevert: 08.03.2019
Sendt: 08.03.2019
Besvart: 15.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Tidligere samferdselsminister mente det var naturlig at Jernbanedirektoratet gjør en vurdering om noen av jernbanestrekningene uten ordinær trafikk får vurdert videre muligheter og framtid, og at han skulle komme tilbake til Stortinget på egnet måte.
Er denne utredningen igangsatt, og eventuelt når er det tenkt ferdigstilt, og hvordan blir berørte kommuner involvert i prosessen?

Begrunnelse

Flere baner som ikke er i trafikk kan ha alternativ nytteverdi til tømmertransport, dresinkjøring, turistreiser eller bruksendring og omgjøring av banen. Viser til spørsmål fra og besvarelse til Marit Arnstad, dokument nr. 15:949 (2017-2018). Valdresbanen er en av flere baner som er definert som beredskapsbane, uten at det er gjort vedlikehold som tilsier at hele banen er i tilfredsstillende stand.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I sitt svar av 22.2.2018 på skriftleg spørsmål frå Marit Arnstad skriv dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen:

"Jeg mener det er naturlig at Jernbanedirektoratet gjør en vurdering om noen av disse strekningene bør legges ned formelt. Jeg vil komme tilbake til Stortinget på egnet måte med ev. forslag til strekninger som kan legges ned."

Som stortingsrepresentant Knutsdatter Strand nemner i sitt spørsmål, var det min forgjengar si oppfatning at Jernbanedirektoratet skulle vurdere korleis jernbanestrekningar utan ordinær drift skulle handsamast i det vidare, og om nokre av desse burde leggast ned formelt.
På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Jernbanedirektoratet kartlagd alle banestrekningar som ikkje er i ordinær bruk. Målet med oppdraget var å få ei oversikt over kva status desse strekningane har, kva dei blir brukt til og om dei er i bruk i dag. Oversikta viser at fleire av strekningane og togsetta har historisk verdi og blir brukt til køyring på museum. Nokre er freda, medan andre ligg i braut utan noko formelt nedleggingsvedtak frå Stortinget. Det er særlig sistnemnde kategori som er av interesse for vidare utvikling og bruk. På bakgrunn av dette har Samferdselsdepartementet kome fram til at nedlagde banestrekningar ikkje kan vurderst samla då dei har forskjelleg status i dag. Den enkelte strekning bør handterast kvar for seg for å ivareta deira eigenskapar, ulikskap og lokale interesser. Eg meiner at det er viktig å involvere kommunane på ein hensiktsmessig måte i dette arbeidet og at dei kommunane det gjeld har ein plan for kva dei ønskjer å bruke strekningane til. Eg stiller meg positiv til at jernbanestrekningar som ikkje er i drift i dag kan nyttast til andre formål til dømes sykkel eller gangvei, dersom kommunane ønskjer det.
Det har difor ikkje blitt gitt oppdrag til Jernbanedirektoratet om ei samla utgreiing.