Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1202 (2018-2019)
Innlevert: 12.03.2019
Sendt: 12.03.2019
Besvart: 18.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Finnes det beregninger og utredninger over spørsmålet om å utnytte hensatte tog fra rushtidene til hyppige avganger også utover dagen, og hvis ikke, vil statsråden få fram tall som viser kostnadene og mulighetene i passasjerveksten ved å ta parkerte tog i bruk gjennom dagen?

Begrunnelse

Gjennom lengre tid har det kommet kritikk over kapasitetsproblemer på jernbanen, spesielt rundt de store byene på Østlandet. Selv om de største behovene er i rushtidene morgen og ettermiddag, tyder erfaringer på muligheter for en stor passasjervekst utenfor rushtidene.
Aftenposten har i dag, 11.3.19, et større oppslag om mulighetene for å utnytte mange av de hensatte togene fra rushtidene til å opprettholde hyppige avganger hele dagen.
En skal være klar over at lett og hyppig tilgjengelige tog virker rekrutterende for gode, miljøvennlige reisevalg - også for pendling seinere.
Til Aftenposten bekrefter NSB-sjef Geir Isaksen at det er fullt mulig å kjøre med rushtidsfrekvens gjennom større deler av dagen, om man prioriterer det.
Argumentet mot å vurdere hyppige togavganger også utenfor rushtidene later til å være av økonomisk art. Det blir for kostbart, ved at flere må ansettes, at togene må vedlikeholdes på natta osv. Spørsmålet er om hele dette saksfeltet har vært grundig vurdert, og om det eventuelt kan gjøres.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa si målsetting er at jernbana skal være eit konkurransedyktig transportalternativ. Sida regjeringsskifte i 2013 har vi auka løyvinga til jernbana med nærare 80 pst for å få på plass eit betre tilbod til dei reisande. Resultatet er i dag om lag 10 millionar fleire reisande og nærare 100 fleire avgangar kvar dag. Dette er ei god utvikling for å skape eit berekraftig samfunn.
Eg er oppteken av å finne fram til gode løysningar for dei reisande, og har bede Jernbanedirektoratet om ei foreløpig vurdering av mogligheitene Aftenposten har omtala denne veka.
I samband med utgreiing av tiltak frå ruteterminskiftet i desember 2018 for å gjere kvardagen enklare for pendlarar på Østfoldbanen, blei det vurdert moglegheiter for å køyre fleire avgangar i rushtid på linje L21 Stabekk-Moss. Frå desember 2018 blei antall rushtidsavgangar om ettermiddagen auka frå 2 til 3. Infrastrukturkapasiteten mellom Ski og Oslo, og særskilt på strekningen Kolbotn-Oslo, taler for at det ruteteknisk ikkje er mogleg å auke frå to til tre avgangar pr. time i rushtid eller gjennomføre halvtimefrekvens i grunnrute på Østfoldbanen heile driftsdøgnet og samtidig framføre godstog, før Follobanen opnar.
Samtidig som fleire brukar tog som transportmiddel, ser vi at det kan leie til utfordringar knytt til kapasitet, avgangar på sporet og togmateriell. Dei fleste passasjerar reiser i rushtida. Rushperiodane på Austlandet er definerte som tida mellom 0630 og 0930 inn mot Oslo S, og mellom 1430 og 1730 ut frå Oslo S. Det er i desse periodane etterspurnaden er størst og der trafikkveksta verkeleg har kome. I rushtidene på morgon og ettermiddag, er kapasiteten på jernbana i Austlandsområdet særs høgt utnytta. Østfoldbanen er blant dei strekningane som har vore mest i fokus med ønske om fleire avgangar både i rushtid og utanom rushtid.
Per i dag finst det inga oversikt over kva det vil koste i form av auka offentleg kjøp av å køyre rushtidsfrekvens utover dagen. Dette må reknast på for kvart einskilde tilfelle. Jernbanedirektoratet har midlertidig budsjettert med ein eigendekningsgrad på under 15 % ved etablering av nye avgangar på L21 Stabekk-Moss frå ruteterminskiftet i desember 2018, dvs. at venta inntekter utgjer maksimalt 15 % av berekna kostnader.
Jernbanedirektoratet si foreløpige vurdering er at det, utanom rushperiodane, er tilgjengeleg køyretøy og infrastruktur til å køyre fleire avgangar på formiddag, midt på dagen og på kveldstid på fleire strekningar i Austlandsområdet, men understreker at det ikkje er føremålstenleg. Det er heller ikkje passasjergrunnlag for å køyre rushtidsfrekvens i heile driftsdøgnet. Eg vil be direktoratet om ei meir utdjupande forklaring rundt desse vurderingane.
Direktoratet opplys vidare til departementet at det med dagens etterspurnad utanom rush, vil gå mange halvtomme tog på skinnene. Det ville også bidra til ein betydelig risiko for dårleg punktlegheit og regularitet. Å køyre eit like intensivt opplegg som i rushperiodane er ikkje mogleg dersom ein samtidig skal sikre at det er mogleg å ha kapasitet til framføring av godstog og regiontog. Dessutan nyttast tida mellom rushperiodane til vedlikehald av togsetta, og det er ein fordel at det etter periodar med høg belastning er mogleg for systemet å «ta seg inn igjen» slik at ein reduserer risikoen for punktlegheitsforstyrringar utover dagen.
Også desse vurderingane vil eg be om grundigare forklaringar rundt.