Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1243 (2018-2019)
Innlevert: 15.03.2019
Sendt: 18.03.2019
Besvart: 28.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): I utgangspunktet gjelder EU-direktivet om tunnelsikring kun for tunneler som er omfattet av det europeiske TNT-vegnettet.
Sikkerhet i tunneler er viktig, men hvor store ekstrautgifter innebærer en strengere tolkning av direktivet for fylkeskommunene som veieiere, og mener statsråden det er rimelig at staten dekker mellomlegget?

Begrunnelse

I utgangspunktet gjelder EU-direktivet om tunellsikring (Direktiv 2004/54/EC) kun for tunneler som er omfattet av det europeiske TNT-vegnettet (Transeuropien Network of Transportation). På et tidspunkt har imidlertid Samferdselsdepartementet bestemt at alle tunneler som ligger på Europa- og riksvegnett skal være omfatter av EU-direktivet. Etterhvert har det også blitt bestemt at EU-direktivet skal gjelde for tunneler over 500 meter på fylkesvegnettet. Dette betyr at det Norge har et strengere regelverk enn det EU-direktivet tilsier.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Tunneltryggleikforskriftene for tunnelar på høvesvis riksvegnettet og fylkesvegnettet og det kommunale vegnettet i Oslo, byggjer på Tunneltryggleikdirektivet (2004/54/EC). I Noreg blei direktivet implementert for tunnelar på riksvegnettet i 2007. For tunnelar på fylkesvegnettet blei forskrift for tunneltryggleik på fylkesveg og kommunal veg i Oslo fastsett i 2014. Tunneltryggleiksdirektivet gjeld berre for tunnelar som er på TEN-T vegnettet, og oppgradering av tunnelar på fylkesvegnettet er såleis ei nasjonal sak.
Formålet med tunneltryggleikforskrifta for fylkesveg har vore å sikre eit einsarta tryggleiksnivå i vegtunnelar på det offentlege vegnettet. Krava til sikringstiltak er derfor dei same for fylkesvegtunnelar som for riksvegtunnelar, gitt same tunnelklasse (dvs. same trafikkmengde og lengde). Den einaste skilnaden er at forskrifta for fylkesvegnettet ikkje gjeld for fylkesvegtunnelar og tunnelar på det kommunale vegnettet i Oslo med årsdøgntrafikk (ÅDT) under 300 køyretøy. Endringar eller skilnader ut over dette er basert på risikoanalysar som gjeld for den enkelte tunnel.
Det er fylkeskommunane som er ansvarlege for å følgje opp nasjonale krav til standard på fylkesvegnettet. I perioden 2015-2019 er det likevel fordelt om lag 300 mill. kr pr. år innanfor rammetilskottet til fylkeskommunane som kompensasjon for meirutgifter som følge av tunneltryggleikforskrifta for fylkesveg. I tillegg er rammetilskottet til fylkeskommunane styrka med særskilt fordeling til fornying og opprusting av fylkesvegnettet, der behovet knytt til tunnelane utgjer ein vesentleg del. For 2019 utgjorde dette 1 493 mill. kr, jf. Prop. 1 S (2018-2019), side 55.
Eg gjer merksam på at departementet i samband med overføringa av sams har igangsett ein gjennomgang knytt til kva krav vi stiller til fylka som vegeigar. I første omgang har eg bede Statens vegvesen om ei overordna vurdering av spørsmålet. Behovet for, og omfanget av, bindande nasjonale føringar skal blant anna bli vurdert opp mot handlingsfridommen til fylkeskommunane og anna regelverk.