Skriftlig spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til justis- og innvandringsministeren

Dokument nr. 15:1263 (2018-2019)
Innlevert: 18.03.2019
Sendt: 19.03.2019
Besvart: 26.03.2019 av justis- og innvandringsminister Jon Georg Dale

Willfred Nordlund (Sp)

Spørsmål

Willfred Nordlund (Sp): Kan det bes om en oversikt over hvor mange lensmannskontor, politistasjoner og politiposter som har fått redusert bemanning eller åpningstid siden 2015; herunder hvor mange har i dag under fem ansatte tjenestepersoner, hvor mange har i dag én, to eller tre faste åpningstider i uken, hvor mange som må stenge ved ferieavvikling, hvor mange tjenestesteder har åpningstid utover vanlig kontortid og hvor mange har flere enn minstekravet?

Begrunnelse

Det vises til svar på mitt spørsmål nr. 1186.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Den lokale bemanninga til politiet er tilsette ved lensmanns- og politistasjonsdistrikta, ikkje ved den einskilde tenestestad. Den nye organiseringa av politidistrikta forutset ein høgare grad av fleksibilitet og bruk av ressursar og kompetanse på tvers av tenesteeiningane. Det er opp til politimeisteren å fordele bemanninga i heile lensmanns- og politistasjonsdistriktet, ut frå kvar behovet til ein kvar tid er størst. I ei slik vurdering vil behovet for å vere lokalt tilgjengeleg i ulike delar av eit politidistrikt vere sentralt.
Med vedtaket om endring av den lokale organiseringa i 2017 blei det vidareført 50 tenestestader frå lensmannsdistrikt med ein bemanning på null til fem tilsette. Dei fleste av desse lensmannsdistrikta blei slått saman for å skape større lokal evne til å levere polititenester. I dag er det eit lensmannsdistrikt igjen med under fem tilsette. Dette distriktet er styrka frå to til fire tilsette i den nye strukturen.
Opningstid skal drøftast med kommunane i samanheng med det lokale tenestetilbodet. Det gjeld og spørsmålet om opetid etter kl. 16. Av dei tenestestadane som har opningstid tre eller færre dagar i veka, har 9, 37 og 25 tenestestadar ope høvesvis ein, to og tre dagar per uke. Sjølv om POD har stilt krav til desse om opetid fleire dagar per veke, kan politidistrikta gjere unntak, om kommunane er samde.
69 tenestestadar har fast opningstid etter kl. 16, medan ved ytterligare 33 tenestestadar er det mogeleg for publikum å ta kontakt etter kl. 16 ved behov. Dette talet er høgare i dag. Oversikta frå POD over opningstid ved tenestestadane er frå september 2018.
Fleire politidistrikt planla ifylgje POD å auke talet på tenestestadar med fast opningstid etter kl. 16 utover hausten 2018.