Skriftlig spørsmål fra Åsunn Lyngedal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1313 (2018-2019)
Innlevert: 26.03.2019
Sendt: 26.03.2019
Besvart: 02.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Åsunn Lyngedal (A)

Spørsmål

Åsunn Lyngedal (A): Hva vil en oppsplitting av BaneNor i praksis bety i Narvik, og frykter ikke statsråden for konsekvensene for mindre fagmiljøer på ulike steder i Norge ved en slik oppsplitting?

Begrunnelse

Det har vært mange endringer i organiseringen av norsk jernbane under denne regjeringen. En av de omleggingene som nå skjer er at drift og vedlikehold skilles ut fra Bane Nor til Spordrift AS. I min hjemby Narvik er Bane Nor en stor og viktig arbeidsgiver, og en oppsplitting i flere selskaper oppleves ikke som en styrking av det jernbanefaglige miljøet de representerer. Det kan se ut som om eneste hensikt er ideologisk; Å legge til rette for konkurranseutsetting og privatisering av arbeidsplassene knyttet til jernbane i Norge.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa har store ambisjonar for norsk jernbane. Store investeringar og auka underhald skal gi kundane eit betre togtilbod. Regjeringa har med jernbanereforma lagt til rette for ei tydelegare organisering av oppgåver og ansvar, som skal vere med å skape spennande arbeidsplassar for dei tilsette på jernbanen.
Regjeringa har auka løyvingane til jernbanen kraftig dei siste åra. I perioden 2014–2018 vart det i snitt løyva 22,9 mrd. kr pr. år til jernbanen, mot 14,5 mrd. kr i tilsvarande periode før regjeringsskiftet. I Nasjonal transportplan 2018–2029 legg regjeringa opp til framleis vekst i jernbanesatsinga. Rundt 45 pst. av investeringane i ny infrastruktur skal gå til jernbanen. Løyvingane til underhald aukar også kraftig. Samstundes som regjeringa satsar stort på jernbanen er det viktig å ha sterk kontroll på kostnadane, gode kontraktsstrategiar og ein heilskapleg trafikkavvikling. Vi jobbar difor med løysingar som skal sikre oss best mogleg nytte for pengane til skattebetalarane og til glede for dei togreisande.
Regjeringa er oppteke av at Bane NOR har ein god kontroll med tilstanden på infrastrukturen, ein aktiv oppfylging av leverandørane og at føretaket finn arbeidsmodellar som tek hand om akutt feilretting og tryggleik på ein god måte. Innføring av konkurranse om tenester for drift og underhald skal skape grunnlaget for eit velfungerande leverandørmarknad, der omfanget av tenestene som konkurranseutsetjast er føreseieleg.
Ivaretaking av kompetanse innan dei ulike fagmiljøa vil vere ein kritisk suksessfaktor i ein framtidig konkurransesituasjon. Entreprenørane må ha føreseielege rammevilkår, slik at kompetansen deira tas vare på også i overgangsfasen. Regjeringa er oppteke av at modellen for konkurranseutsetjing som Bane NOR har valt er effektiv og gir best mogleg resultat og kvalitet på tenestene.
Regjeringa bruker mange milliardar kroner kvart år på å gi togbrukarane eit godt reisetilbod, og meiner at konkurranse er eit egna verkemiddel for å oppnå riktig pris og kvalitet. Regjeringa meiner også at konkurranse vil gjere toget til eit meir attraktivt transportmiddel, som vil føre til at fleire pendlarar vel å ta toget i staden for bilen, samstundes som vi skånar miljøet og aukar tryggleiken i trafikken fordi det blir færre bilar på vegen. Dersom konkurranse kan gje meir drift og underhald til same beløp, samstundes som tenestene hald god kvalitet med eit høgt tryggleiksnivå, får vi eit betre fungerande jernbanesystem som både reisande og godsnæringa kan dra nytte av.