Skriftlig spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1365 (2018-2019)
Innlevert: 29.03.2019
Sendt: 01.04.2019
Besvart: 08.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): I forbindelse med utbygging av InterCity gjennom Østfold har Bane Nor varslet behov for henstillingsplass til togene som skal trafikkere banen. Det er pekt på fire mulige alternative plasseringer: Kambo og Halmstad i nye Moss og to i Råde.
Har statsråden lagt føringer på Bane Nor om å unngå nedbygging av matjord generelt og om å ta hensyn til matjordas egnethet i sitt valg av plassering, og vil statsråden om det blir nødvendig med statlig ekspropriasjon vektlegge disse hensynene over andre hensyn?

Begrunnelse


Produktiv jord er en ressurs det tar årtusener å bygge opp. Skal vi klare å brødfø en økende verdensbefolkning må vi stoppe tapet av dyrkbar jord.
Produktiv jord er en ressurs det tar årtusener å bygge opp. Skal vi klare å brødfø en økende verdensbefolkning må vi stoppe tapet av dyrkbar jord.
I Norge er bare 3 prosent landarealet dyrket mark, og av dette omdisponerte vi i 2014 vel 5000 dekar med dyrkbar jord til andre formål.
I tillegg kan jordsmonnet deles inn i forskjellige jordtyper basert på geologisk avsetningstype, kornstørrelsesfordeling (sand/silt/leire) i ulike sjikt, jordsmonnutvikling, naturlig dreneringsgrad og jorddybde. Basert på disse observasjonene klassifiseres jorda i et internasjonalt referansesystemet for jordsmonn, World Reference Base for Soil Resources (WRB), tilpasset norske forhold. I tillegg registreres helling og eventuelle andre egenskaper som har betydning for driften av arealet.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I Meld. St. (2016-2017) Nasjonal transportplan (2018-2029) viser regjeringa til at jordvern er eit viktig kriterium i vurderinga av ulike konsekvensar i eit jernbaneprosjekt. Det vert påpeikt at det er viktig at den beste og mest drivverdige jorda skal sikrast best mogeleg. Samtidig viser Nasjonal transportplan til ei rekke andre viktige mål, blant anna på miljø. Dette inneberer at konsekvensar på ei rekke ulike områder må vere godt utgreia før eventuell utbygging kan starte.
Planlegging etter plan- og bygningsloven sikrar at lokale og nasjonale omsyn blir ivaretatt. Ein legg opp til at konsekvensane ved alternativa er tilstrekkeleg utgreia før ein vedtek endeleg plassering. Regjeringa sine forventningar til planlegging etter plan- og bygningslova vert uttrykt gjennom dokumentet Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. I dokumentet vert det peikt på at

"Det er ei viktig oppgåve i planlegginga å ta vare på god matjord, samtidig som ein balanserer jordvernet mot dei andre behova i storsamfunnet."

Bane NOR arbeidar for tida med forslag til planprogram. Eit planprogram er ein "plan for planen" og inneheld alle dei ulike tematiske områda som ein skal sjå på når ein skal utarbeide meir detaljerte planar. Det er allereie gjennomført ein silingsprosess der ein på bakgrunn av kjent kunnskap har redusert 13 moglege alternativ til 4. Endeleg vedtak om plassering av hensettingsanlegget vil bygge på kunnskapen ein får gjennom konsekvensutgreiinga. Her vil omsynet til vern av dyrka mark vere eit av fleire viktige omsyn som ein må vurdere. Forslag til planprogram har vore lagt ut til offentleg ettersyn. Det er ikkje tatt stilling til eventuell bruk av statlig fastsetting av planprogram, ei heller statleg plan og ekspropriasjon.
Planlegging av hensettingsanlegg vil følge den politikken som Stortinget har vedtatt. Stortinget har slutta seg til eit jordvernmål samtidig som Klimaforliket har satt som mål at veksta i persontransport skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange. Omsynet til dyrka mark er dermed eit av flere viktige kriterium i vurderinga av ulike konsekvensar i et jernbaneprosjekt. Kommuna har ei viktig rolle som planmynde og Samferdselsdepartementet legg til grunn at Bane NOR i sitt planprogram og påfølgande konsekvensutgreiing legg opp til ein prosess som sikrar at omsyn knytt til jordvern blir vurdert opp mot andre omsyn slik at alternativet som er best for jernbana, miljøet og samfunnet blir valt.