Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1390 (2018-2019)
Innlevert: 03.04.2019
Sendt: 03.04.2019
Besvart: 11.04.2019 av klima- og miljøminister Ola Elvestuen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Det verna passasjerfartøyet "MS Sunnhordland" har fått avslag på søknad om tilskott frå Riksantikvaren grunngjeve med at fartøyet ikkje er freda, at fartøyet ikkje legg beslag på slipp eller dokk og at det ikkje står i fare for å mista sertifikat utan utbetringar. Alle skip står kvart år i fare for å mista sertifikat, og god drift handlar om planlegging av kostnadar.
Synest statsråden det er rett ved tildeling av støtte å ikkje tilgodesjå eit fartøy som prioriterer å betala planlagte utgifter sjølv?

Begrunnelse

"MS Sunnhordland" er eit verna passasjerskip med passasjersertifikat for 180 personar og lokale krefter har bidrege med store ressursar for å halda fartøyet operativt med godkjente sertifikat. Det er eit aktivum for heile regionen og deltek på arrangement langs heile kysten vår. dersom ein må legga beslag på slip eller dokk for å kunna få stønad, så inneber det at me har eit lite aktivt fartøyvern, og at ein ikkje støttar dei som betalar planlagde utgifter med lån frå eigarane.

Ola Elvestuen (V)

Svar

Ola Elvestuen: MS Sunnhordland fekk status som verna skip i 2016 og kvalifiserer derfor til å søka på midla frå post 74, tilskot til fartøy. Denne tilskotsposten er i år på kr 63 226 000, medan Riksantikvaren fekk søknader på til saman 244 879 623. MS Sunnhordland var eitt av dei mange fartøy som ikkje fekk tilskot for 2019. MS Sunnhordland har sendt inn skriftleg klage innan klagefristen, Klima og miljødepartementet er klageinstans i denne saka. Eg kommenterer derfor ikkje denne ekeltsaka som kan komme til behandling i departementet.
Den store interessa rundt tilskotsposten medfører at fartøy som oppfyller kriteria for tilskot, og fell inn under Riksantikvarens prioriteringar likevel kan få avslag på søknaden. Årets løyving på 63 millionar var ikkje nok til å dekka alle søknadene på tilskot. Dette tilseier at Riksantikvaren er nøydd til å gjera vanskelege prioriteringar.
Eit av årets prioriteringar har vore fartøy som er midt i krevjande istandsettingsprosjekter, slik at desse ikkje skal oppta plass på slepp eller dokk over lang tid. Dette betyr ikkje at fartøy må oppta dokk eller slepp for å få middel frå Riksantikvaren, men at ein i år har valt å ikkje gi middel til nye prosjekt.
"MS Sunnhordland" er eit av få fartøy i sin storleik, og med stor aktivitet og betydeleg bidrag lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er ikkje slik at god privat finansiering utelukkar statleg støtte, men kulturminneforvaltingen arbeider med å vera mest mogleg føreseieleg. Derfor lagar ein årleg prioriteringar slik at dei prosjekta som blir gitte støtte er mest mogleg forståeleg for alle søkarane.