Skriftlig spørsmål fra Bengt Fasteraune (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1421 (2018-2019)
Innlevert: 08.04.2019
Sendt: 08.04.2019
Besvart: 25.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bengt Fasteraune (Sp)

Spørsmål

Bengt Fasteraune (Sp): Mener statsråden at forslaget fra Vegvesenet er i tråd med ønsket om effektiv ressursbruk og mest mulig transport og infrastruktur for pengene?

Begrunnelse

I forbindelse med arbeidet med Nasjonal transportplan har samferdselsministeren vært tydelig på at det er viktig med store krav til effektiv bruk av ressursene. Videre er det uttalt at i neste NTP må ressursene i transportsektoren brukes mer effektivt, slik at vi får mest mulig transport og infrastruktur for pengene. I arbeidet med ny E39 mellom Skei og Byrkjelo foreslår Vegvesenet møtefri vei med midtdeler. Dette vil båndlegge mye areal og innebærer store inngrep. Fra lokalt hold er det mange som mener at prosjektet er overdimensjonert.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 er det ikkje prioritert midlar til utbygging av E39 på strekninga Skei – Byrkjelo, med unntak av eit skredsikringsprosjekt som ligg inne i siste seksårsperiode (Våtedalen). Det er derfor ikkje starta planlegging for denne strekninga og følgjeleg er det heller ikkje tatt stilling til kva standard som skal leggast til grunn. For strekninga vidare nordover frå Byrkjelo til Grodås med kryssing av Nordfjorden ligg det føre eit forslag til kommunedelplan som har vore ute på høyring. Eg tolkar spørsmålet slik at det gjeld begge desse strekningane.
Overordna planlegging av vegstrekningar, med val av trasé og utgreiing av konsekvensar, skjer ofte gjennom utarbeiding av kommunedelplanar. Når Statens vegvesen utarbeider slike planar, blir vegstandarden fastsett ut frå den trafikken som vegen vil få 20 år etter forventa trafikkopning. Det blir også sett på forhold som kan gi auka trafikk, og som det er naturleg å ta høgde for. På denne måten får vi ein vegtrasé med ein standard som held langt inn i framtida. Vidare sikrar dette at konsekvensane, til dømes arealbeslag og inngrep, kjem på bordet og kan diskuterast før vedtak blir fatta.
Ferjefri E39 vil gi trafikkauke på heile E39, ikkje berre ved fjordkryssingane. Når standard blir valt i framtidig kommunedelplan for E39 Skei – Byrkjelo vil det bli tatt utgangspunkt i forventa trafikk når ferjefri E39 er realisert. Det same er også gjort ved utarbeiding av kommunedelplanen for E39 Byrkjelo – Grodås.
Når Statens vegvesen skal utarbeide reguleringsplanar og detaljprosjektere desse strekningane, og andre vegstrekningar, er det viktig at det blir gjort grundige vurderingar av kva vegstandard som faktisk skal byggast. I den skal det søkjast etter moglegheiter for både å redusere kostnadene og auke nytten.