Skriftlig spørsmål fra Masud Gharahkhani (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1494 (2018-2019)
Innlevert: 24.04.2019
Sendt: 24.04.2019
Besvart: 25.04.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Masud Gharahkhani (A)

Spørsmål

Masud Gharahkhani (A): Er statsråden enig i at Kongsberg trafikkstasjon skal bestå og ikke legges ned?

Begrunnelse

VG skriver at Kongsberg er en av flere trafikkstasjoner hvor Statens vegvesen ønsker å fjerne tilbudet om å ta førerkort på personbil. For Høyreregjeringen er svaret på alt sentralisering. Det er viktig for Kongsberg-samfunnet og innbyggerne at tjenestene er nær folket.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa sette i 2017 i gang ein områdegjennomgang av Statens vegvesen. Gjennomgangen blei gjennomført av konsulentselskapet CapGemini Consulting som mellom anna leverte ein rapport om trafikant- og køyretøyområdet i juni 2018. Gjennomgangen viste eit betydeleg potensial for å effektivisere og modernisere trafikant- og køyretøytenesta i etaten. Dette er i samsvar med tidlegare vurderingar Statens vegvesen sjølv har gjort.
Når stadig fleire tenester kan gjerast via nettbaserte løysingar utan krav til fysisk oppmøte på ein tenestestad, må dagens tenestetilbod tilpassast for å sikre mest mogleg rasjonell og effektiv drift i tråd med brukarane sine forventningar. Det blei derfor gitt oppdrag til Statens vegvesen om å utarbeide forslag til ny tenestemodell og –struktur for trafikant- og køyretøytenestene. Forslaget skal ta utgangspunkt i tilrådingane til ekstern rådgjevar frå områdegjennomgangen og Statens vegvesen sine faglege vurderingar. Dette oppdraget har frist 10. mai i år. Eg har bedt Statens vegvesen om å gjennomføre dialogmøter med aktuelle interessentar som del av dette arbeidet, og interessentane sine synspunkt skal komme fram når Statens vegvesen sender sitt forslag til departementet.
Det er med andre ord ikkje tatt noko avgjerd om å leggje ned trafikkstasjonar. Eg vil no vente på Statens vegvesen sitt forslag og vurdere dette nærmare når rapporten deira ligg føre.
Statens vegvesen skal også framover vere til stades rundt i landet, slik at brukarane får utført dei tenestene dei treng. For å oppretthalde eit godt tilbod skal Statens vegvesen derfor komme opp med forslag til kompenserande tiltak for tenester som krev fysisk oppmøte, dersom ny struktur gjer lengre reiseveg enn før. Lokalisering av tenestestader og einingar i Statens vegvesen, vil bli vurdert i tråd med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.