Sigbjørn Gjelsvik (Sp): I tilrådinga si til departementet om oppkjøpskandidatane til Oslo børs skriv Finanstilsynet at børsen i dag har ei rad oppgåver av offentlegrettsleg karakter.
Kan statsråden opplyse om kva konkrete oppgåver dette er, kvifor ho eventuelt trur at Nasdaq eller Euronext skulle ynskje å halde fram med å gjere alle desse oppgåvene utan å få kompensasjon og kva det eventuelt vil koste fellesskapen dersom alle eller nokre av desse oppgåvene i staden må handterast av offentlege instansar?
Begrunnelse
I tilrådinga skriv Finanstilsynet at oppgåvene «følger direkte ved lovgivningen og ved delegasjon» og at tilsynet legg til grunn at eit oppkjøp ikkje vil få uynskte verknader på børsen si utføring av oppgåvene. Kor rimeleg det er å leggje dette til grunn, seier ein derimot svært lite om. Tilsynet poengterer likevel at dersom oppkjøpet skulle få uynskte verknader, så vil departementet kunne trekke tilbake oppgåvene som er gjevne ved delegasjon. Dette kan vanskeleg tolkast som anna enn at det føreligg risiko for at oppkjøparane vil kunne unndra seg oppgåver som Oslo børs i dag løyser, anten ved ikkje å løyse dei, ved å løyse dei så dårleg at det offentlege vil måtte overta eller ved å klage på ei eventuell oppgåveplikt til overnasjonale organ. Norske skattebetalarar har all mogleg grunn til å vente at statsråden på svært konkret vis og med fornuftige overslag synleggjer kor stor ekstrarekning dei potensielt kan få dersom Euronext eller Nasdaq etter eit eventuelt oppkjøp skulle kunne slutte å utføre oppgåver som Oslo børs i dag gjer.