Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1550 (2018-2019) Innlevert: 02.05.2019 Sendt: 03.05.2019 Besvart: 08.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): Statsråden svarte på et skriftlig spørsmål 9. januar 2019 at ferdig forhandla byvekstavtaler ikke blir lagt fram for Stortinget. Men Buskerudbypakke 2 (BBP 2) skal vel legges fram for Stortinget før byvekstavtalens innhold skal forhandles, og kan statsråden si - i lys av en viss politisk uro i Drammen og omegn - når BBP2 kan komme til stortinget - og kan han opplyse om belønningsmidlene til kollektivsatsinger kan påregnes om Buskerudbypakka blir trukket tilbake?
Jon Georg Dale: Bompengeproposisjonar om bypakkar blir lagt fram for og behandla av Stortinget på vanleg måte. Byvekstavtalar blir til gjennom forhandlingar med lokale styresmakter og blir ikkje lagt fram for Stortinget til behandling.Eg registrerer at det no pågår ein politisk diskusjon i Drammen om bompengefinansiering. All bompengefinansiering krev lokale initiativ og fleirtalsvedtak i kommunane som tek desse initiativa. I tillegg må det vere reell vilje til å garantere for inntektene frå bompengeselskapet. Dagens regjering tek ikkje initiativ til bompengar, og pålegg heller ikkje dette utan lokalpolitisk tilslutning. Framleggingstidspunkt av ein eventuell Buskerudbypakke avheng dermed av både KS2 og av lokalpolitiske vedtak. Dersom det ikkje lenger er lokalpolitisk tilslutning til bypakka, vil eg naturligvis framleis ha kontakt med lokale myndigheiter om vidare handtering.