Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1563 (2018-2019)
Innlevert: 03.05.2019
Sendt: 06.05.2019
Besvart: 14.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje har det kosta å byggje dei nye bomstasjonane som har kome til medan FRP har site i regjering?

Begrunnelse

Eg ber om at svaret vert gjeve opp i 2019-kroner.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Alle bompengeprosjekta som er etablerte etter 2013 er etablerte med utgangspunkt i lokalpolitiske initiativ og vedtak. Desse vedtaka er seinare forankra gjennom bompengeproposisjonar i Stortinget. Etter det eg kjenner til har Senterpartiet ikkje røysta i mot eit einaste av desse forslaga.
Regjeringa har endra organiseringa for å redusere administrasjons og innkrevingskostnader i bompengeprosjekta. Det bidreg til å redusere kostnaden for bilistane. I tillegg har regjeringa både auka bompengerabatten gjennom kompensasjonsordninga for bompengar og gjennom å auke den statlege andelen i prosjekt utover det Senterpartiet hadde lagt til grunn i NTP.
Eg har ikkje detaljert oversikt over kostnaden ved å etablere bomstasjonane. Dette er kostnader som i nye prosjekt vert etablert som ein del av den samla infrastrukturbygginga. I byområda er dette i stor grad ein kostnad som kjem i tilknyting til eksisterande infrastruktur. I desse områda er nok kostnaden ved etablering betydelege. Eg understrekar at i desse tilfella er bomstasjonane plasserte etter lokalpolitiske ønske om å avvise trafikk, basert på mål om å oppnå nullvekst i persontrafikken.
I Granavollen plattforma varslar regjeringa at vi i samband med neste NTP skal vurdere målet basert på den teknologiske utviklinga.
Eg kjem til å fortsette arbeidet for å redusere bompengane. I framtida håpar eg at eg får større drahjelp frå Senterpartiet enn FrP hittil har hatt.