Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1605 (2018-2019)
Innlevert: 10.05.2019
Sendt: 10.05.2019
Besvart: 14.05.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Det er usikkerhet for Ringeriksbanen. Det valgte alternativet over Kroksund og Helgelandsmoen rammer de mest sårbare menneskene og viktig naturmangfold i Hole og et internasjonalt vernet våtmarkssystem med rikt fugleliv. BaneNor har for dette alternativet støtt på kompliserte tekniske utfordringer. Kostnaden er nå beregnet til 37 mrd., en økning på 11 mrd.
Vil statsråden i lys av FNs naturpanels skremmende rapport om tap av arter og natur, og økte kostnader, vurdere andre traseer på nytt?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det er bestemt at ny Ringeriksbane og E16 skal følge traseen over Helgelandsmoen, og det er ikkje aktuelt å vurdere andre traseer no. Fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 Høgkastet – Hønefoss vil om kort tid sende over reguleringsplanforslaget til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for fastsetting. Dersom det skal utarbeidast eit reguleringsplanforslag med ei anna linjeføring enn den regjeringa har bestemt, vil vi både sette heile prosjektet fleire år tilbake i tid og påføre skattebetalarane vesentleg høgare planleggingskostnadar enn naudsynt.
Eg vil vidare påpeike at fellesprosjektet Ringeriksbanen/E16 Høgkastet – Hønefoss ikkje har lagt fram endeleg kostnadsanslag endå. Prosjektet jobbar med å optimalisere prosjektet og vurderer kostnadsreduserande løysingar for å halde kostnadane så låge som mogleg. Før byggestart skal kostnadsanslaget kvalitetssikrast. Som for alle store statlege investeringar vil Stortinget avgjere igangsetting i dei årlege statsbudsjetta.