Lene Vågslid (A): Dersom statsråden framheld at spørsmåla frå undertegna og Emilie Enger Mehl (Sp) i Stortingets spørretime av 22. mai 2019 ikkje fell under hennar ansvarsområde, er det då nokon andre i regjeringa Solberg som har eit heilhetleg samfunnsikkerhet- og beredskapsansvar?
Begrunnelse
I Stortingets munnlege spørjetime 22. mai 2019 kunne ein få et inntrykk av at landets samfunnsikkerhets- og beredskapsminister ikkje har ansvar for brann og redningstenesta.
Det er eit faktum at Justisdepartementet er eigar av brann- og eksplosjonsvernlova og tilhøyrande forskrifter, blant anna dimensjoneringsforskriften som i detalj styrer brann og redningstenesta. I tillegg er DSB både brannfagleg myndighet og fører tilsyn med landets brann og redningsvesen. DSB er etatsstyrt av Justisdepartementets samfunnssikkerhetsavdeling som samfunnsikkerhetsministeren har det politiske ansvaret for. I tillegg har statsråden ansvaret for å sørge for at samfunnets beredskapsressursar samhandlar godt og gjev best mulig tenestar til befolkninga.