Skriftlig spørsmål fra Roy Steffensen (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1704 (2018-2019)
Innlevert: 24.05.2019
Sendt: 24.05.2019
Besvart: 04.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Roy Steffensen (FrP)

Spørsmål

Roy Steffensen (FrP): Kan statsråden klargjøre om de statlige midlene i byvekstavtalen for Nord-Jæren er låst til hvert enkelt prosjekt, eller er de finansiert som en totalpakke som gir styringsgruppen i byvekstavtalen full lokal frihet til å igangsette, stanse, nedskalere eller utsette prosjekter i pakkene (som f.eks. sykkelstamvei) og dermed disponere pengene slik de selv mener er mest fornuftig?

Begrunnelse

Spørsmålet ble aktualisert av at jeg kritiserte sykkelstamvegen på Facebook, og ble deretter kontaktet av kommunikasjonsavdelingen i Bymiljøpakken som sier at det ikke blir brukt en eneste bompengekrone på sykkelstamvegen, og at dette er et 100 % statlig finansiert prosjekt. Ordfører i Stavanger har uttalt det samme til NRK Rogaland tirsdag 21.mai.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Byvekstavtalen for Nord-Jæren skal porteføljestyrast. Det inneber at gjennomføring av prosjekt og tiltak må tilpassast den samla økonomiske ramma og dei føringane som er lagt til grunn i byvekstavtalen og Prop. 47 S (2016-2017) om finansiering av Bypakke Nord-Jæren, jf. Innst. 214 S (2016-2017).
Dei aktuelle prosjekta i porteføljen går fram av byvekstavtalen. Prosjekta og tiltaka blir prioriterte på grunnlag av ei samla vurdering ut frå måloppnåing, disponible midlar, samfunnsøkonomisk lønsemd, planstatus og kapasitet på planlegging og gjennomføring.
Dersom kostnadene for eitt eller fleire prosjekt aukar, inneber det at andre prosjekt ikkje kan gjennomførast. Dersom enkelte prosjekt blir rimelegare enn føresett, kan det bli rom for å gjennomføre fleire prosjekt, eller ein reduksjon av bompengebelastninga.
I den samla økonomiske ramma for byvekstavtalen inngår bompengar og statlege og lokale midlar. Styringsgruppa for byvekstavtalen har stor fridom i korleis dei prioriterer innanfor denne ramma. Alle midlane kan likevel ikkje disponerast fritt. Til dømes er statleg tilskot til Bussveien knytt til det konkrete prosjektet og må handterast i tråd med retningslinjene for 50/50-ordninga. Løyvingar av statlege riksvegmidlar vil berre kunne nyttast til riksvegtiltak.
Sykkelstamvegen på Nord-Jæren er eit statleg prosjekt som styringsgruppa har valt å prioritere høgt.
Eg minner forøvrig om at det samla bidraget frå regjeringa til byvekstavtalen på Nord-Jæren er på meir enn 10,5 mrd. kroner i avtaleperioda.
Dersom ein klarer å kutte kostnader på utbyggingane av prosjekta som ligg i den portefølgestyrte pakken vil eg ikkje redusere det statlege bidraget gjennom avtalen. Dette gjeld også for sykkelstamvegen.
Det kan dermed leggast til grunn at kostnadsreduksjonar ein oppnår kan ein nytte til å redusere bompengebelastninga eller auke vegbygginga i regionen.