Skriftlig spørsmål fra Emilie Mehl (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1737 (2018-2019)
Innlevert: 29.05.2019
Sendt: 29.05.2019
Besvart: 06.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Emilie Mehl (Sp)

Spørsmål

Emilie Mehl (Sp): Vil statsråden vurdere å innføre krav om maskinell utføring for tverrgående veimerking, på hele eller deler av veinettet (for eksempel høytrafikkert vei)?

Begrunnelse

Langsgående veimerking (linjer) legges i dag for det meste maskinelt. Tverrgående veimerking (symboler) legges fortsatt manuelt for hånd i store deler av verden, inkludert i Norge. Teknologi har muliggjort at også tverrgående veimerking kan legges maskinelt. Dette kan være piler, fartssymboler, veinummer, fotgjengeroverganger og lignende som effektivt legges i veibanen av printere på lastebiler.
Maskinell utlegging av tverrgående veimerking er først og fremst et HMS-tiltak som betydelig reduserer risiko for ulykker og skader i forbindelse med veimerking. Hele prosessen styres av operatør fra førerrommet i lastebil påmontert støtpute, og krever for det alt vesentlige ikke at personell oppholder seg i veibanen. Det effektiviserer merkeprosessen da man i de fleste prosjekter kan unngå omdirigeringer og trafikkstans mens merking pågår. Behovet for personell knyttet til veimerking reduseres dermed betraktelig. Norge har en kort veimerkesesong, og effektiv maskinell merking gjør det lettere å utnytte denne best mulig.
Trafikverket i Sverige innførte i 2016 forbud mot håndlegging av veimerkesymboler på høytrafikkerte veier. Trafikverket har nylig uttalt at de ønsker å implementere forbudet på hele det svenske veinettet om få år.
Regelverket håndheves ved at entreprenørene ilegges bøter dersom de ikke benytter maskinell merking.
I Norge er det frivillig for entreprenørene å legge symboler maskinelt, men det finnes ingen pålegg om å gjøre det. I 2017 ble det gjennomført et prøveprosjekt i regi av Statens Vegvesen hvor ca. 150 symboler ble lagt ut. Krav til maskinell utlegging av tverrgående veimerking ville vært et løft for helse, miljø og sikkerhet i norske veiprosjekt.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Utføring av vegoppmerking er ei utsatt arbeidsoppgåve. Som oftast skal vegoppmerkinga utførast samstundes med at normal trafikkavvikling skal hindrast minst mogeleg. Det viktigaste er likevel at sikkerheita kan oppretthaldast, både for trafikantane og dei operative mannskapa. Statens vegvesen har formalisert opplæring og etablert kompetansekrav til alle aktørar som utfører arbeid på eller ved offentleg veg. Etaten behandlar og godkjenn konkrete planar med søknadar frå entreprenørar om når og korleis oppgåvene skal gjennomførast. Å legge til rette for innovasjon slik at oppgåvene kan gjerast endå betre, meir effektivt og med endå mindre risiko er også viktig å ha sterkt fokus på.
Utviklinga dei seinare åra innfor oppbygging av større lastebilmonterte vegoppmerkingsmaskiner for utføring av maskinell linjelegging er gode døme på dette. Operatørane styrer alle oppgåvene inne frå førarhuset. Det er lite behov for mannskap å opphalda seg fysisk i vegbanen. Lastebilane har i tillegg påmontert «støtputer» med den eigenskap å redusera skadeomfanget dersom påkjøring skulle skje. Desse maskinene kan operere på alle offentlege vegar, motorvegar, tofelts vegar og smale einfelts vegar heilt uavhengig av vegstandard. Det vil likevel være behov for å sikre tryggleiken for alle som deltar i arbeidet og trafikantane med bruk av følgebilar under oppgåveutføringa, slik at det ikkje er særleg endring i bruk av mannskapsmessige ressursar.
Tilsvarande innovasjon og utvikling som også omfattar tverrgåande oppmerking eller det som i dag kallast håndleggingsoppgåver etterspørjast. Statens vegvesen har både delteke saman med og blitt orientert om utvikling innafor dette området av det svenske Trafikverket, bransjeforeiningar og maskinprodusentar. Det er også tilrettelagt for utprøving på det norske vegnettet.
Erfaringane til no med dei automatiserte utrustningane er at desse einingane er best egna for utføring på høgtrafikkerte hovudvegar med høg fart og god vegstandard. Det er på denne type veger det i dag i Noreg utførast ein lågare andel av såkalla tverrgåande oppmerking/eller håndleggingsoppgåver. Hovedandelen håndleggingsoppgåver i Noreg består av gangfelt, piler, vikelinjer med meir i vegkryss. Denne type oppmerking gjerast oftast på stader som ikkje har dei høgaste hastighetene og kor risikobiletet ikkje har same karakter som høgtrafikkerte hovudvegar med høg hastighet og god vegstandard.
Statens vegvesen imøteser ei vidareutvikling av dei automatiserte utrustningane meir tilpassa norsk infrastruktur. Dei finn det likevel ikkje påkrevd å innføra krav om at denne oppmerkingsoppgåva skal skje maskinelt i dag. I Statens vegvesens Region sør blei det i 2018 starta opp eit forsøksprosjekt med maskinell utlegging av piler, symboler og enkel skravur på høgtrafikkerte vegar og såkalla høghastighetsveg. Prosjektet fortset i 2019. Etaten vil evaluera og formidle erfaringar frå prosjektet til entreprenørar, produsentar og bransjeforeiningar og drøfte vegen vidare saman med desse. Krav om pålegg til bruk av slike einingar i kontraktar vil sannsynligvis kunne koma om to til tre år.