Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1742 (2018-2019) Innlevert: 29.05.2019 Sendt: 31.05.2019 Besvart: 11.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Siv Mossleth (Sp): I brev fra Statens vegvesen 09.08.2016 orienteres hytteeiere på parsell Viskis-Sørelva nok en gang om at flere hytter skal innløses. En av de som har fått beskjed om innløsning fikk allerede for ca. 35 år siden avslag på byggesøknad om utvidelse, hytta skulle innløses alt i 1990. Fra 1994 har SVV båndlagt området slik at fradeling av tomt ikke kunne skje. Berørte hytteeiere får ikke bygge ut, ikke kjøpt tomt, ikke solgt og heller ikke den innløsningen de er lovet.Hva ville statsråden gjort i en slik situasjon?
Jon Georg Dale: Eg vil vise til at det i Nasjonal transportplan 2018-2029 er prioritert statlege midlar til utbetring av E6 på strekninga Sørelva – Borkamo i siste seksårsperiode. Det er fleire hytter på denne strekninga av E6 som ligg innanfor byggegrensa i veglova. For å kunne utvide hytta eller skilje ut ny tomt, må eigarane av desse hyttene ha særskilt løyve frå vegstyremakta. Når det som i dette høvet ligg føre planar om utbetring av vegen, er vegstyremakta restriktiv med å gi slike løyve. Restriksjonane som følgjer av byggegrensa i veglova gjeld ikkje ved sal av eigedommar. Eigedommar som ligg innanfor byggegrensa, kan derfor seljast fritt.Det er først når reguleringsplan er vedtatt og løyvingar ligg føre, at vegstyremakta har høve til å løyse inn hyttene langs vegen. I framlegget til reguleringsplan som no har vore på høyring, er det gjort greie for korleis Statens vegvesen vil stille seg til krav om innløysing frå hytteeigarane.