Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1764 (2018-2019) Innlevert: 31.05.2019 Sendt: 03.06.2019 Rette vedkommende: Samferdselsministeren Besvart: 07.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Une Bastholm (MDG): Regjeringen ønsker mer kollektivtransport i hverdagsreisene, og er bundet av målet om nullvekst i persontrafikken i byene. 31.5 i framkom det i en NRK-sak at staten ikke står ved Bymiljøavtalen med Oslo og Akershus om å dekke 50 % av kvalitetssikret kostnadsanslag for Fornebubanen. Det er svært uheldig og skaper usikkerhet om statlig finansiering samtidig som det innføres nye bomringer i Oslo og Akershus.Står regjeringen ved den inngåtte bymiljøavtalen om finansiering av Fornebubanen?
Jon Georg Dale: Eg står fast ved den inngåtte bymiljøavtalen av juni 2017 med Oslo og Akershus. I denne avtalen framgår det m.a. at staten vil dekke inntil halvparten av kostnadene til Fornebubanen gjennom ordninga med statleg tilskot til store fylkeskommunale prosjekt (den såkalla 50/50-ordninga). Staten har allereie bidratt med over 540 mill. kr sidan 2016 til planleggjing av prosjektet. Den andre halvparten av rekninga for Fornebubanen har lokale myndigheiter bestemt at det er trafikantane som skal betale gjennom bompengar. I tillegg har eg forstått at det leggjast til grunn midlar frå private grunneigarar. Det er ikkje lagt til grunn investeringskostnader til prosjektet over dei lokale budsjetta sjølv om dette er eit kommunalt/fylkeskommunalt prosjekt. Dette er lokale myndigheiter sitt eige val. Det er lokale myndigheiter som skal fastsetje endeleg styrings- og kostnadsramme for Fornebubanen. Det er gjennomført KS2 for prosjektet som viser ein auke i kostnadene på 2,3 mrd. kr. Eg er kjend med at lokale myndigheiter no gjennomgår prosjektet med sikte på moglege innsparingar i prosjektet. Styringsramma er dermed førebels ikkje fastsatt. Eg har stort fokus på styring og kostnadskontroll og dette er gjennomgåande i heile samferdselssektoren. Dette gjeld derfor òg for 50/50-prosjekta der både trafikantar og staten bidreg med store midlar. Eg har òg eit stort fokus på den totale bompengebelastinga i dei store byane, som no er for høg. Det er derfor viktig og riktig å sjå nærare på Fornebane-prosjektet med sikte på å redusere kostnadene. Arbeidet med gjennomgang av prosjektet med sikte på kostnadskontroll er ikkje ferdig. Eg har derfor naturleg nok ikkje tatt endeleg stilling til det statlege bidraget. Det vil eg gjere når prosjektet er ferdig gjennomgått av lokale myndigheiter og styringsramma er endeleg fastsett. Regjeringa står ved sine forpliktelsar, men vi har endå ikkje grunnlaget for å fastsette endeleg bidrag. Det vil vi gjere så raskt det let seg gjere når beslutningsgrunnlaget foreligg.