Skriftlig spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:1768 (2018-2019)
Innlevert: 03.06.2019
Sendt: 03.06.2019
Besvart: 07.06.2019 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Hjørnesteinbedrifta Schibsted forsvinn no frå Fagernes og dei 120 tilsette mister arbeidsplassene sine. I 2018 var det ca. 8 200 lønnstakarar i dei seks kommunane i dalen Valdres. Særleg unge blir råka av at bedrifta forsvinn.
Ser statsråden høve for omstillingsmidlar til dalføret, korleis tenkjer ho ein eller fleire nye verksemder kan gi nye arbeidsplassar, og korleis er Nav rusta for å følgje desse menneskjene opp etter avslutta arbeidsforhold?

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Oppland fylkeskommune har gjort departementet merksam på situasjonen i Fagernes. Departementet følgjer utviklinga og vil vurdere tiltak i samråd med fylkeskommunen.
Regjeringa har verkemiddel å setje inn der lokalsamfunn blir råka av store reduksjonar i sysselsetjinga, mellom anna ein budsjettpost under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk.
Målet med ordninga "Omstillingsprogrammer ved akutte endringer i arbeidsmarkedet", kap 553, post 65 er å styrkje næringsgrunnlaget og medverke til etablering av nye arbeidsplassar i kommunar eller regionar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga.
Det er fylkeskommunane som har ansvar for omstillingsarbeidet i eige fylke. Oppgåver for fylkeskommunane er:

- å prioritere kva for område som skal få midlar til omstillingsarbeid
- å avgjere kor store midlar desse områda eventuelt skal få

Frå tid til annan oppstår situasjonar der storleiken på endringane som utløyser omstillingsbehov aukar og/eller der fleire faktorar spelar inn samtidig. Dette kan føre til at Innovasjon Noreg, fylkeskommunen og kommunane gjennom tildelt ramme frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikkje har tilstrekkelege ressursar. I slike situasjonar kan ein ekstra innsats frå staten være naudsynt.
Kriteria for at staten kan vurdere å bidra med ekstraordinære midlar er:

- Reduksjonen i direkte sysselsetjing i hjørnesteinsverksemda/næringa over ein treårsperiode bør vere stor.
- Reduksjonen bør som hovudregel utgjere minst 15 prosent av den totale sysselsetjinga i kommunen.
- I absolutte tal bør nedlegginga som eit minimum liggje på 150 personar. I heilt særskilde tilfelle bør det likevel vurderast om ein kan gå noko lågare på små og isolerte stader.

I ei totalvurdering av situasjonen i området skal det likevel og leggjast vekt på reduksjonen i den indirekte sysselsetjinga, den generelle arbeidsløysa og høvet til pendling innanfor den aktuelle bu- og arbeidsmarknadsregionen. I tillegg kan det og vere aktuelt å vurdere storleiken på trygdebudsjettet, andelen yrkesaktive i kommunen og kommuneøkonomi for å få eit mest mogleg komplett bilete av tilstanden i lokalsamfunnet.
Arbeids- og sosialdepartementet har kontakta Arbeids- og velferdsdirektoratet, som har gjort greie for NAV sin innsats. NAV har engasjert seg i denne saka lokalt og sentralt. NAV Valdres har delteke i ei arbeidsgruppe lokalt. NAV Valdres fekk onsdag 29. mai eit varsel frå Schibsted om moglege masseoppseiingar. NAV har vore i kontakt med Schibsted for å klargjere kva NAV lokalt kan hjelpe med for dei tilsette.
NAV har i heile prosessen gjort klart, at dersom det går mot masseoppseiingar, vil NAV tilby fortløpande hjelp til dei tilsette. NAV vil mellom anna bidra med informasjon om å registrere seg som arbeidssøkar, relevant informasjon på www.nav.no knytt til jobbsøking, regelverket for dagpengar, og informere om ledige stillingar lokalt og regionalt. NAV vil vere tilgjengeleg for spørsmål frå dei tilsette og gjennomføre samtalar med dei tilsette ved behov. Tilsette som har registrert seg som arbeidssøkarar hos NAV, vil få tildelt ein rettleiar som vil følgje opp med kartlegging og jobbsøkarhjelp. NAV Valdres kan, i samråd med Tiltakseininga ved NAV Innlandet, vurdere behov for eigne kurs retta mot tilsette ved Schibsted, der målet er å styrke jobbsøkarkompetansen.